Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

TAF-Elektrofag

Opplæringa på TAF skjer i samarbeid mellom Knarvik vidaregåande skule og lokalt og regionalt næringsliv, både privat og offentleg. Etter 4 år oppnår du dobbel kvalifikasjon: Både fagbrev og studiekompetanse med fordjupning i matematikk og fysikk.

Dei to fyrste åra går du tre dagar på skule og arbeider to dagar i bedrift. Dei to siste åra er du lærling med lærekontrakt. Tredje året er fordelinga mellom skule og bedrift som i dei fyrste, medan du er i bedrift 3 dagar i veka det siste året.  Etter 4 år avsluttar du opplæringa i bedrift med fagprøve.

Du får løn frå fyrste dag. Du vert tatt opp på grunnlag av karakterar frå ungdomsskulen og intervju i bedrift.

Nærare opp lysningar kan du få ved å vende deg til skulen. Merk at du blir berre vurdert som søkjar dersom  du har dette kurset som fyrste ynskje. 

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2 Timetall VG3 Timetall VG4
Matematikk 5 5 6 0
Naturfag 5 0 0 0
Engelsk 5 0 0 0
Norsk 0 4 4 6
Samfunnsfag 0 0 3 0
Historie 0 0 5 0
Kroppsøving 0 2 0 2
Fysikk 0 0 5 6
Kjemi 0 0 0 0
Programfag 8 12 0 0
I bedrift 15 15 15 23
Sum timetall per uke 38 38 38 37


Skuleåret 2015-2016 vil Knarvik vgs utvide talet på elevar på Elektrofag. På TAF-Elektro har me til no, berre hatt eit tilbod om fagbrev i produksjonselektronikerfaget. Me vil no kunne ta inn elevar til lærefaga Automatisering, Elenergi, Engergimontør, Tavlemontør og Energioperatør. Dette er tilbod som er etterspurd av bedrifter innan prosessindustri, mekanisk industri, elektrofirma og i bedrifter som byggjer, reparerer og vedlikeheld elektriske anlegg og automatiske prosessystem og maskinar.

Automasjon
Mari Størksen er elev på Knarvik vg. skule (TAF-EL), men jobber med automasjon 2 dagar i veka hjå Frank Mohn Fusa.