Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Teknikk og industriell produksjon

Teknikk og industriell produksjon er ei yrkesfagleg utdanning. På VG2 kan du velje mellom mange fagområde. Etter 2 år på skule er det vanleg å søke læreplass for å ta fagbrev. Både før og etter læretida kan du ta påbygging til generell studie-kompetanse.

Kvifor velja Teknikk og industriell produksjon?

Vel du Teknikk og industriell produksjon (TIP) har du vald eit utdanningsprogram som fører fram til yrke innan teknisk industri, skipsindustri, tekoindustri, bilindustri, kjemisk prosessindustri og i oljebransjen. Helse, miljø og sikkerhet står sentralt i disse yrka, der det å arbeida etter prosedyrer og teikningar og med registrering og dokumentasjon er svært viktig.

Ved Knarvik vidaregåande skule har vi gode tradisjonar og resultat å vise til innan plate- og sveisfag, industrimekaniker, CNC-maskineringsfaget, kjemi- og prosessfaget og mange fleire fag.  Ønskjer du opplæring og kompetanse innan desse faga, er TIP-faget det du no må søkja.

Søk opptak

Kva kan du verta?

Etter Vg2 kan du søkja lærlingeplass i ei rekkje bedrifter i Norge, mange av dei med lokal tilhaldsstad. Dei fleste av desse bedriftene er også samarbeidspartnarar for praksisplassar på Vg2.

Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2
Sum timetall per uke 35 35
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Kroppsøving 2 2
Samfunnsfag 0 3
Programfag 17 17
Prosjekt til fordjupning 6 9

Første året

TIP_1.jpg

Vg1 teknikk og industriell produksjon

Her får du læra dei grunnleggjande kunnskapane du treng for å arbeida innan teknikk og industriell produksjon, slik som sveising, dreiing, fresing, måling,  teknisk teikning og dokumentasjon.

I faget ligg både opplæring i produksjon og reparasjon. 

Etter fullført og bestått Vg1 er du kvalifisert til å søkja på  ulike fag på Vg2 nivå! I tillegg til dette kan du og søkja 6 ulike lærefag direkte frå Vg1, t.d. Låsesmed.

Andre året

Tip_jenter1.jpg

Vg2 Industriteknologi

 I Vg2 er elevane utplassert i to periodar. I desse periodane er det mange som ordnar seg læreplass. Nokre av lærefaga er:

  • CNC Operatør
  • Sveiser
  • Platearbeiderfaget
  • Industrimekaniker
  • Kran- og løfteoperasjonsfaget
  • Industrirørlegger

 

_DSC2996.jpg

Vg2 Kjemiprosess

 På Vg2 Kjemiprosess får du den praktiske og teoretiske opplæringa som ein treng for å læra å styra eit kjemisk eller metallurgisk prosessanlegg. Du skal læra om korleis prosessapparata og anna utstyr er bygd opp  og korleis dei verkar.

Anlegga vert styrt for ein stor del automatisk, og du må vita korleis dette blir gjort. Slike styrekretsar inneheld målarar og regulatorar, som du må kjenna til.

I anlegga vert det mellom anna brukt trykk, elektrisitet og varme. Du lærer også om kjemiske reaksjonar og fysiske forhold i prosessen.

Med fagbrev kan du få arbeid innan kjemisk og petrokjemisk industri, kjemisk mineralindustri, metallurgisk industri, farmasøytisk industri og produksjon av olje og gass offshore.

Vegen vidare

Etter 2 år i skule kan du søke læreplass i godkjende lærebedrifter.

Vil du vite korleis du søker læreplass, kva bedrifter som er godkjende lærebedrifter eller vil søke læreplass kan du bruke lenkjene under.

Om du ikkje vil søke læreplass etter Vg2 kan påbygg til generell studiekompetanse vera eit alternativ. Men ver merksam på at du også kan søka dette etter å ha tatt fagbrev og har du ungdomsrett er påbygg etter fagbrev ein rettighet ut året du fyller 24. 

Bli lærling Søk læreplass

ta kontakt

Avdelingsleiar Profilbilde av Rune Nesse

Rune Nesse

Send e-post
Rådgjevar Profilbilde av Hilde Fiske Hugaas

Hilde Fiske Hugaas

Send e-post