Vg1 Studiespesialisering
På Vg1 har ein berre fellesfag, desse faga er obligatorisk for alle. I tillegg må du velja framandspråk . Det språkfaget du vel på Vg1 held du fram med på Vg2. Elevar som ikkje har framandspråk på ungdomsskulen startar med dette på Vg1 og held fram språket til og med Vg3.
Skuleåret 2020/2021 tilbyr me følgjande framandspråk:
- Fransk I
- Fransk II
- Spansk II
- Tysk I
- Tysk I+II
- Tysk II
Vi tilbyr og desse programfaga allereie på vg1:
- Entreprenørskap og bedriftsutvikling
- Teknologi og forskningslære
I byrjinga av skuleåret må du også velje om du vil ta praktisk matematikk (1P) eller teoretisk matematikk (1T)