Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Påbygging til generell studiekompetanse

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse på Vg3. Du kan søke både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg undersøke om skulen tilbyr fag som gir spesiell studiekompetanse.

Påbygg er eit tilbod til elevar som har yrkesfagleg vidaregåande skule. Målet er å oppnå generell studiekompetanse for å kvalifisere seg til vidare studie på universitet og høgskular.

Elevane på påbygg skal i tillegg til dei ordinære faga ha minst eit programfag på 140 årstimer. Dei kan då velge mellom ei rekke ulike programfag frå utdanningsprogram for studiespesialisering. 

Forutsetninger for å søkje opptak er:

Fullført og bestått vg1 og vg2 frå eit yrkesfagleg utdanningsprogram, eller oppnådd yrkeskompetanse, med eller utan fag- og svennebrev.   

 

Læreplan 3PÅ Bli Lærling

Kva kan du bli?

Påbygg til generell studiekompetanse gjer at du kan søkje høgare utdanning, og mange vel utdanning innan same fagfelt som yrkesutdanninga si.

Du  kan søkje deg inn på profesjonsutdanningar som til dømes sjukepleiar, lærar, lege, politi, fysioterapeut med meir.

Du kan også byggje opp ei utdanning av ulike universitetsfag, til dømes russisk, kinesisk, filosofi, kunsthistorie, sosialøkonomi, japansk, fysikk, matematikk, marinbiologi, geologi og liknande.

Du kan utdanne deg til yrkesfaglærar innan det fagområdet du har fagbrev i.

Utdanning.no Samordna opptak

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2 Timetall VG3
VG1 YF 35 0 0
VG2 YF 0 35 0
Norsk 0 0 10
Historie 0 0 5
Matematikk 0 0 3
Naturfag 0 0 3
Kroppsøving 0 0 2
Programfag 0 0 5
Sum timetal per veke 35 35 28

Kontaktpersonar

Avdelingsleiar
Profilbilde av Evy Kleivane

Evy Kleivane

Send e-post 57308147
Avdelingsleiar
Profilbilde av Grethe Hagenes

Grethe Hagenes

Send e-post 57308145