Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kurs

Truck.jpg

Målsetting:

Teoridelen omhandlar trucken sin konstruksjon, verkemåte, stabilitet og vedlikehald, slik at førar kan bruke trucken rett, unngå uhell og ulykker og ta dagleg vedlikehald. Ein får og innsikt i når trucken ikkje skal brukast.

I praksisdelen får ein øva på dei praktiske ferdigheitene, slik at ein unngår skade på gods, utstyr og menneske.

Målet er at dei som brukar truck, skal vera trygge førarar, og medarbeidarane skal kunne vera trygge når trucken er i bruk.

Fagleg leiar truckopplæring
Profilbilde av Jens Møllerup Bernssen

Jens Møllerup Bernssen

Send e-post 56355400
Påmelding Truckførarkurs

Truckførarkurs

Knarvik vgs er sertifisert for opplæring som fører fram til kompetansebevis for truck inntil 10.000kg.

Undervisning:

Me underviser etter gjeldande læreplan, og går gjennom desse emna:

  • HMS
  • Krav til brukar
  • Trucktypar og bruksområde
  • Utstyret sin verkemåte og konstruksjon
  • Kontroll og vedlikehald
  • Sikkerheitsreglar ved bruk
  • Korleis unngå ulykker
  • Dokumentasjon og sertifisering av truck og brukar

Kurset har følgande modular:

  • Modul 1.1 : HMS del (8 timar)
  • Modul 2.2 : Spesialdel for løfte og stablevogn for gods (truck) (14 timar)
  • Modul 3.2: Praktisk bruk med instruktør (6 timar)
  • Modul 4.2: Køyretimar / praktisk bruk 
  • Oppkøyring klasse T2 og T4

Modul 4.2: Kan gjennomførast med fadder i bedrift etter avtale med instruktør og underskriven fadderavtale.

Målgruppe:

Alle som skal bruke truck, også offshore. 

 

 

 

Truck.jpg