Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Tilrettelagte grupper

Vi tilbyr opplæring i tilrettelagte grupper for elevar som har behov for det. Gruppene er knytt opp mot eit utdanningsprogram. Opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført i staden for eit vitnemål.

Avdelinga er ein av 6 avdelingar ved Knarvik vidaregåande skule. Avdelingas pedagogiske forankring har referanse til konsekvenspedagogikken som legg vekt på sosial lærdom  og utvikling.

Konsekvenspedagogikken:

Byggjer på eit humanistisk menneskesyn, der ansvar for eigne handlingar innan det sosiale fellesskapet utgjer eit viktig element i lærdommen. Elevane skal oppleve ein tydeleg og føreseieleg læringskultur, der konsekvensane av den enkeltes valg er tydelege og kjent på førehand.

Ressurser:

 Det settes inn pedagogiske ressurser fra skulens side for å yte ein så tett og personleg oppfølging av den enkelte elev som skulens rammer gjev mogligheit for. Gjennom dei pedagogiske metodane skal læraren veilede elevane til å ta ansvar for konsekvensane av eigne handlingar. I det ligg det ei forventning om at dei personleg og gjennom handling syner vilje til å fullføre opplæringa

Tilrettelegging:

Opplæringa er tilrettelagt for den einskilde elev med tilknytning til grupper og eleven får individuell opplæringsplan (IOP). Avdelinga tilbyr opplæring i tre programområder der kvar avdeling har ulik organisering.

Nemningane (HT, HTA og HTH) på gruppene er dei ein søkjer til ved inntak til vidaregåande opplæring for elevar med behov for særskilt tilrettelegging.

Arbeidstrening Kvardagslivstrening
tilrettebyggHT.jpg

I oppfylginga av den enkelte elev står handling og konsekvens i fokus. Me vil veilede elevane på måter som gjer at dei lærer å leve i ei verd der normer og reglar danner grunnlag for det sosiale fellesskapet. Vårt mål er at elevane:

  • lærer å finne ut av kva de vil, kan og skal
  • lærer at dei ved eigen innsats kan påverke si eiga framtid
  • lærer å ta ansvar for eigne handlinger
  • lærer å skape sammenheng mellom ord og handling
  • lærer å vise respekt for andre mennesker
  • lærer å inngå i samspel med andre
Yrkesfaglig grunnutdanning

TA KONTAKT

Avdelingsleiar Profilbilde av Roar Teige

Roar Teige

Send e-post
Rådgjevar Profilbilde av Ingeborg Sunde Møvik

Ingeborg Sunde Møvik

Send e-post