Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Innføringskurs for minoritetsspråklege

Skal du ta vidaregåande utdanning, men må bli betre i norsk først? Då kan innføringskurs for minoritetsspråklege vere eit alternativ for deg. I kurset lærer du norsk og andre fag som gjer det lettare å starte på vidaregåande skule året etter. Kurset gir ingen formell kompetanse utover dette.

Dette kurset er meint for minoritetsspråklege søkjarar som ikkje har gode nok norskkunnskapar til å følgje undervisninga i ordinært utdanningsprogram.

I kurset får elevane opplæring - spesielt i norsk - som kan kvalifisere for å søkje eit ordinært utdanningsprogram på Vg1 året etter.

Meir informasjon

Føresetnaden for inntak er at søkjer har fylt 16 år, eller fyller 16 år i løpet av året, og har grunnopplæring frå heimlandet som svarar til norsk grunnskule.

Elevar som går på dette kurset brukar ikkje av den ordinære opplæringsretten.

Søke på Vigo

TA KONTAKT