Vg2 Helsearbeidarfaget
Her får du både praktisk og teoretisk opplæring. Du får kunnskap om grunnleggjande sjukepleie, sjukdomslære, kommunikasjon og kva som vert forventa av deg som profesjonell helsefagarbeidar.
Praksis utgjer ein stor del av faget Prosjekt til fordjuping. Du kan vere i praksis på sjukehus, sjukeheim, bufellesskap eller open omsorg. I tillegg til faga nemnd over vil du ha fellesfaga norsk, engelsk, samfunnsfag og kroppsøving.
Vg2 Barne- og ungdomsarbeiderfag
Likar du å arbeide med barn og ungdom? Ta fagbrev som barne– og ungdomsarbeidar!
På Barne- og ungdomsarbeidar lærer du å arbeide med barn og ungdom i f.eks. SFO, barnehage, skule og ungdomsklubber.
Her lærer du mellom anna om helsefremjande arbeid og korleis du kan kommunisera med barn og ungdom på ein god måte.
Inntakskrav:
- Bestått Vg1 Helse- og sosialfag
- Bestått Vg1 Design og handverk