Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Handverk, design og produktutvikling

Handverk, design og produktutvikling er ei yrkesfagleg utdanning. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan òg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje Handverk, innovasjon og produktutvikling (HIP)?

Er du kreativ og glad i å arbeide med henda? På HIP får du arbeide med tradisjonsrike handverksfag heilt frå idé til ferdig produkt. Dette studieprogrammet passar for deg som likar å arbeida med ulike materiale og teknikkar, og har lyst til å utforska nye idear og design. I lenka under kan du sjå ein kort film som viser meir om kva denne retninga går ut på. 

Søk opptak HIP-film

Kva kan du bli?

HIP leier til mange yrker og/eller vidare studier. Med fagbrev kan du arbeide innanfor ei rekkje yrke. Alt dette finn du meir informasjon om på vilbli, i lenka under.

vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal VG1
Norsk 0
Engelsk 5
Matematikk 3
Naturfag 2
Kroppsøving 2
Samfunnsfag 0
Kulturarv og skapande prosessar 5
Materialar og teknikkar 12
Yrkesfagleg fordjupning 6
Sum timetall per uke 35

Første året

_MWF8262.jpg

Vg1 HIP (Håndverk, Innovasjon og Produktutvikling)

Dette er eit utdanningsprogram som fører fram til mange interessante og kreative yrke. Du får arbeida praktisk med ulike materialar. Her blir du kjent med tradisjonelle og nyare teknikkar innan tekstil, tre, metall, leire, 3D-print, laser med meir. Du vil utvikle din kreativitet  gjennom designprosessar, lære å kvalitetssikre og dokumentere arbeidet ditt.

I samarbeid med Nordhordland Biosfæreområde og lokalt nettverk elles, vil du kunne bidra til ei meir bærekraftig framtid. 

I faget yrkesfagleg fordjupning får du bli kjent med ulike bedrifter og prøve deg i ulike yrker.  

HIP-film

Nordhordlands Biosfæreområde

Vegen Vidare

Etter 2 år i skule kan du søke læreplass i godkjende lærebedrifter.

Vil du vite korleis du søker læreplass, kva bedrifter som er godkjende lærebedrifter eller vil søke læreplass kan du bruke lenkjene under.

Om du ikkje vil søke læreplass etter Vg2 kan påbygg til generell studiekompetanse vera eit alternativ. Men ver merksam på at du også kan søka dette etter å ha tatt fagbrev og har du ungdomsrett er påbygg etter fagbrev ein rettighet ut året du fyller 24. 

Bli lærling Søk læreplass

ta kontakt

Avdelingsleiar
Profilbilde av Patrick D'incan

Patrick D'incan

Send e-post 56355444
Rådgjevar
Profilbilde av Cecilie Jelstad

Cecilie Jelstad

Send e-post 96949155