Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bygg- og anleggsteknikk

Bygg- og anleggsteknikk er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje Bygg- og anleggsteknikk?

 

 

Kva kan du bli?

Er du ein som vil arbeide praktisk? Bruke henda dine til å skape noko?  Drøymer du om å verta tømrar, malar, murar, rørleggjar eller blikkenslager? Då må du sjekke ut tilboda på Bygg- og anleggsteknikk. Programfaga her legg vekt på praktiske aktivitetar, og det er viktig å ha eit godt handlag og praktisk sans.

Du bør vera sjølvstendig og nøyaktig og ha gode fysiske eigenskapar og vera uthaldande. I mange tilfelle vert det krevd at du kan arbeida godt i team.

Ved å velje dette utdanningsprogrammet kan du få ulike jobbar innan bygg- og anlegg. Det kan for eksempel vera husbygging, bygging av vegar, flyplassar, vatn- og avløpsanlegg, anlegg for energiproduksjon eller bygging av oljeinstallasjonar.

vilbli.no Søk opptak

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal VG1 Timetal VG2 VG3 Påbygg gen. stud.komp
Norsk 0 2 10
Engelsk 5 2 0
Matematikk 3 0 5
Naturfag 2 0 3
Samfunnsfag 0 3 0
Nyare historie 0 0 4
Kroppsøving 2 2 4
Programfag påbygg 0 0 8
Felles programfag 17 17 0
Prosjekt til fordjuping 6 9 0
Sum timetall per uke 35 35 34

Første året

Bygg_2.jpg

Vg1 Bygg- og anleggsteknikk

 

På Vg1 lærer du mellom anna grunnleggjande teknikkar, gode arbeidsvanar og evne til samarbeid. Kvalitet og tryggleik er sentralt i undervisninga.

På Vg1 får du grunnleggjande opplæring og mogelegheit til å prøve ut ulike sider av bygg- og anleggsyrka. Dette skjer gjennom fleire ulike moduler. I andre halvår vel du fordjupningsmoduler og får dermed fordjupa deg i lærefag som interesserer deg mest. Denne opplæring skjer i bedrift. Ein stor del av opplæringa er praktisk retta etter PPD-modellen. Det vil seia at du planlegger eit arbeid, produserer det du har planlagt og dokumenterer det du har gjort. I mange tilfeller arbeider du tverrfagleg, t.d. kan dokumentasjonen du skriv foregå i norsktimane.

Andre året

_DSC3264.jpg

Vg2: tømrarfaget eller betong og mur

På Vg2 har vi to retningar: 

  • Tømrerfaget
  • Betong og murerfaget

I "Yrkesfagleg fordjupning (YFF)" vel du å fordjupa deg i eitt av fagområda. Skulen har eit godt samarbeid med næringslivet i regionen. Delar av den praktiske undervisninga vert lagt til byggjeplassar. 

Utdanningsprogrammet omfattar produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg med tilhøyrande tekniske installasjonar. Undervisninga vekslar mellom teori, praksis og bruk av IKT i  tråd med moderne læringsprinsipp.

VEGEN VIDARE

Etter 2 år i skule kan du søkje læreplass i godkjende lærebedrifter.

Vil du vite korleis du søker læreplass, kva bedrifter som er godkjende lærebedrifter eller vil søke læreplass kan du bruke lenkjene under.

Om du ikkje vil søkje læreplass etter Vg2 kan påbygg til generell studiekompetanse vera eit alternativ. Men ver merksam på at du også kan søka dette etter å ha tatt fagbrev. Har du ungdomsrett er påbygg etter fagbrev nemleg noko du har rett på ut året du fyller 24. 

Bli lærling

 

Søk læreplass

tA KONTAKT

Avdelingsleiar Bygg- og anleggsteknikk, Design og handverk, Helse- og oppvekst
Profilbilde av  Patrick Rene D'incan
Patrick Rene D'incan
56355444
Rådgjevar for Vg1 og Vg 2 Helse- og oppvekst, Vg1 og Vg2 Bygg og anlegg, Vg1 Håndverk, design og produktutvikling (HIP)
Profilbilde av  Cecilie Elise Adelheid Rødland Jelstad
Cecilie Elise Adelheid Rødland Jelstad
96949155