Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

OM skulen

Knarvik vidaregåande skule er den største vidaregåande skulen i Nordhordland og ein av dei største i Hordaland. Skulen har åtte studieretningar og nesten 1000  elevar.                                                         Visjonen vår er: Læring og vekst for alle.                                                                Knarvik vidaregåande skule oppfordrar alle sine tilsette og elevar til å nytte offentleg kommunikasjon til og frå skulen. Bruk gang- og sykkelvegar viss det er mogeleg, så får du god trim på vegen!

Skulen har to avdelingar, Juvikstølen og Kvernhusmyrane.  I nybygget på Juvikstølen har utdanningsprogramma for teknikk og industriell produksjon og design og handverk fått plass. Samstundes driv vi ombygging og opprusting av den gamle bygningsmassen både på Juvikstølen og Kvernhusmyrane.

KNV_dag_Eige.JPG
Avd. Juvikstølen

 

MyraDSC_0045_2.JPG

Avd. Kvernhusmyrane

Leiinga

Hovedadministrasjonen held til på Juvikstølen 9.
Leiarane for alle avdelingar finn du her, men dei har kontordagar også på Myra.

Leiinga

Opningstider

Sentralbordet og ekspedisjonane på skulen har opningstid mellom kl 0800 - 1530.
På Myra er ekspedisjonen berre open til kl 1200 om fredagane.