Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Informasjonsskriv frå Alver kommune

Koronatesting av barn og unge i Alver kommune

Brev om Koronatesting av barn og unge i Alver kommune

Frå 17. september kan barn og ungdom som er nærkontaktar til ein smitta person gjennomføre hurtigtest og halde fram i barnehage og skule

 

Det betyr at barn og ungdom som er nærkontaktar til ein koronasmitta ikkje treng å gå i karantene, men kan halde fram i barnehage, på skule og med fritidsaktivitetar dersom dei følgjer Alver kommune si retningsline for testing av barn og unge.

Dette gjeld:

  • Barn i barnehage
  • Elevar i grunnskule og ved Knarvik vidaregåande skule

 

Unntak

Dersom eit medlem i husstanden har testa positivt for koronavirus må heile karantenen gjennomførast som normalt, og barnet/ungdommen kan ikkje få unntak frå karantene.

Innreisekarantene må også gjennomførast i sin fulle lengde.

 

For barn i barnehage og elevar i grunnskule som er nærkontakt gjeld følgjande:

  • Barnet/eleven treng ikkje gå i karantene, men skal ta første hurtigtest heime dag 3 etter kontakt med ein person som har fått påvist korona.
  • Den andre testen skal takast dag 5 etter kontakt med ein person som har fått påvist korona.
  • Fram til svar på første test bør barnet/ungdomen avgrense kontakt med andre på fritida, men kan vere i barnehagen/på skulen som normalt.
  • Ved negativt testsvar, kan barnet/eleven halde fram i barnehagen/på skulen som normalt. Føresette treng ikkje melde frå om negativt testsvar.
  • Ved positiv hurtigtest, skal føresette halde barnet/eleven heime i isolasjon, og snarast ringje Koronasenteret. Barnet/eleven vil då bli kalla inn til ny test på Koronasenteret og må vere i isolasjon i 10 dagar.

 

Dette gjeld:

  • Berre smittekarantene, ikkje innreisekarantene
  • Berre dei som er definert som «andre nærkontaktar»
  • Medlemmar i husstanden, kjærast eller tilsvarande nære kontaktar må følgje dei ordinære reglane for karantene, sjå www.helsenorge.no  for nærare informasjon om desse
  • Dersom barnet/eleven er frisk. Får barnet/eleven symptom, skal det rett i isolasjon og må teste seg
  • Også barn/elevar frå andre kommunar, som har barnehage- eller skuleplass i Alver
  • Dersom eit barn/elev er nærkontakt til ein smitta utanom barnehagen/skulen, skal dei ta kontakt med Koronasenteret for testing

 

Dersom føresette/elev ikkje ønskjer å gjennomføre testane sjølv, eller treng hjelp til dette, kan dei bestille time for testing på Koronasenteret.

 

Dersom testing i samsvar med retningsline ikkje blir gjennomført, må vanleg smittekarantene gjennomførast.

 

 

Ungdom ved Knarvik vidaregåande skule får tilbod om å ta sjølvtestar på skulen dersom dei er nærkontakt til ein person som er smitta av korona:

 

  • Dersom nokon i klassen/omgangskrets er smitta av korona, kan eleven ta hurtigtest på skulen
  • Eleven treng ikkje gå i karantene, men skal ta første hurtigtest på skulen på dag 3 etter kontakt med ein person som har fått påvist korona
  • Den andre testen skal takast på dag 5 etter kontakt med ein person som har fått påvist korona
  • Fram til svar på første test, bør ungdomen avgrense kontakt med andre på fritida, men kan vere på skulen som normalt
  • Ved negativt testsvar, kan eleven halde fram på skulen og på fritidsaktivitetar som normalt. Skulen/elev treng ikkje melde frå om negativt testsvar.
  • Ved positiv hurtigtest, skal eleven gå i isolasjon og skulen ringje Koronasenteret. Eleven vil då bli kalla inn til ny test på Koronasenteret og må vere i isolasjon i 10 dagar. Skulen skal informere føresette til elevar under 18 år.

 

Dette gjeld:

  • Berre smittekarantene, ikkje innreisekarantene
  • Berre dei som er definert som «andre nærkontaktar»
  • Medlemmar i husstanden, kjærast eller tilsvarande nære kontaktar til den smitta må følgje dei ordinære reglane for karantene, sjå www.helsenorge.no  for nærare informasjon om desse
  • Dersom eleven er frisk. Får eleven symptom, skal den rett i isolasjon og må teste seg
  • Også elevar frå andre kommunar, som har skuleplass i Alver
  • Ikkje for elevar som er beskytta eller fullvaksinerte (beskytta/fullvaksinerte nærkontaktar treng ikkje teste seg eller gå i karantene)

 

Dersom føresette eller elev ikkje ønskjer at eleven skal gjennomføre testing på skulen, kan dei etter avtale med skulen gjennomføre testing heime eller bestille time for testing på Koronasenteret. Ved positiv hurtigtest utført heime, skal eleven gå i isolasjon og straks ringje koronasenteret.

 

Dersom testing i samsvar med retningsliner ikkje blir gjennomført, må vanleg smittekarantene gjennomførast.

 

 

Takk for at du framleis er god på smittevern

Retningslinjene over vert innførte på bakgrunn av tilrådingar frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet og gjeld frå og med 17. september.

Vi kan ikkje senke skuldrene enno, og det er viktig at alle er med på å avgrense koronasmitta. Hugs å fortsetje med å halde avstand og å vaske hendene. Avgrens talet på kor mange nærkontaktar du har.

 

Hald deg oppdatert

www.alver.kommune.no/korona finn du siste nytt om koronatiltaka i kommunen vår. Her kan du også lese kommunen si retningsline for testing av barn og unge.

www.helsenorge.no kan du lese meir om det nasjonale regelverket for pandemien.