Internasjonal vgs i Wales
Elevutvekslinga skuleåret 2020/21 vart avlyst grunna koronasituasjonen, men Vestland fylkeskommune reknar med å halda fram med utveksling skuleåret 2021/22. Opptaket går altså som normalt framover med søknadsfrist 1. mars 2021 for elevar som ønskjer å reisa på utveksling 2021/22.
Ordninga går ut på at elevar frå Vestland går på skule i Wales i eit heilt skuleår. Der får dei plass på ein av dei fem samarbeidsskulane som Vestland fylke har i og omkring Cardiff. Skuleåret tel som Vg2 i utdanningsprogram for studiespesialisering. Etter året i utlandet kjem elevane tilbake til norsk vidaregåande skule, og går inn i Vg3. På Facebook ligg ei gruppe som heiter "Info om utvekslingsår i Wales for VG1" - Tidlegare elevar skriv om sine røynsler, og du kan ved å melda deg inn i den gruppa, stilla spørsmål mm.

Elevar som nyttar seg av denne ordninga, kan såleis gjennomføra den vidaregåande utdanninga si på dei vanlege tre åra - samstundes som dei skaffar seg verdfull internasjonal studieerfaring.

Dette studietilbodet er ein eineståande sjanse for Vestlands-elevar, men det er krevjande, og stiller store krav både til elevane sine evner til omstilling og til sjølvstendig, målmedvite arbeid.
Reise:
Omkring 1. september reiser elevar og kursleiar saman til Cardiff. Reisa går med fly via London eller Amsterdam. Kursleiar ordnar det praktiske med denne reisa. Til reiser elles i skuleåret må elevane ordna med billettar sjølv.
Korleis søkjer du:
Elevar som søkjer plass på dette studietilbodet, skal søkja på vanleg måte gjennom fellesinntaket innan 1. mars på vigo. Dei må setja Vg2 i Wales opp som førstevalet sitt. Dersom dei søkjer, men ikkje blir tatt opp, vil andrevalet deira gjelda.
I tillegg skal du sende ein søknad:
1. Eit eige søknadsskjema
2. Om lag 1 side på engelsk, der du presenterer deg sjølv, kva for bakgrunn du har, interessene dine, og kvifor du søkjer dette utdanningstilbodet (last opp i søknadsskjema).
3. Kopi av karakterane dine frå første termin dette skuleåret(last opp i søknadsskjema). Pass på at fråvær, orden og åtferd er inkludert.
Vitnemål:
Etter skuleåret i Storbritannia vil kvar elev få ei stadfesting av skulegangen i utlandet frå Knarvik vidaregåande skule. Etter fullført Vg3 vil elevane få vitnemål for fullført vidaregåande opplæring i samsvar med dei reglane som gjeld for godkjenning av eit skuleår i utlandet.
Informasjon om skulane:
Ein av samarbeidsskulane våre, Whitmore High School, ligg i byen Barry, om lag 15 km frå Cardiff. Dei andre skulane er spreidde rundt om i Cardiff.
Informasjon om skulane finst m.a. på desse nettadressene:
Whitmore High School: https://www.whitmorehigh.org/
Cardiff and Vale College: http://www.cavc.ac.uk/en/
Whitchurch High School: http://www.whitchurchhs.com/
Fitzalan High School: http://www.fitzalan.cardiff.sch.uk/
St. Teilo’s: http://www.stteilos.com/
Meir informasjon? Sjå informasjonsbrosjyre.