I korte trekk
Elevar i vidaregåande skule skal møte opp og delta aktivt i opplæringa.
- Forseintkoming meir enn 15 minutter (= fråvær ein skuletime)
- Om eleven har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag, vil han eller ho som hovudregel ikkje ha rett til halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget
- Eleven må leggje fram relevant dokumentasjon for å få dokumentert fråvær
Oversikt over når 10% er nådd i eit fag:
Timetal i fag
Når kan eigenmelding nyttast?
Eigenmelding kan nyttast ved sjukdom av kronisk eller langvarig art, og når eleven er under utgreiing. Eigenmeldinga kan kun nyttast for årsak knytta til dokumentasjonen.
Eigenmelding frå føresette eller myndige elevar kan nyttast ved velferdsgrunnar. Til dømes gravferd, alvorleg sjukdom i familien og omsorg for eigne born.