Lån og stipend
Du kan søkje stipend hjå Lånekassen. Sjølv om du ikkje har ungdomsrett kan du søkje om lån og få omgjort noko til stipend etter bestått eksamen.
Du bør søkje snarast etter opptak i juli. Står du på venteliste bør du vente til endeleg opptak. Søknadsfristen er 15. november. For kurs som startar 1. oktober eller seinare er søknadsfristen 15. mars.
Logg inn på Lanekassen.no og gå deretter til Dine sider. Her treng du MinID eller BankID.
Foreldreinntekta avgjer om du får støtte og kor mykje støtte du får. Dei som er bortebuarar og er "rettselevar" vil få bortebuarstipend. Alle kan og søkje om utstyrsstipend (gjeld ikkje lærlingar og elevar utan ungdomsrett).