Miljøteam
Ingrid Marie Bachmann (miljøterapeut) og Nina Holmedal (miljøfagarbeidar) er skulen sitt miljøteam!
Vi jobbar for at du skal ha det best mogleg, og at du skal få oppleve mykje kjekt som elev her på skulen. I løpet av året arrangerer vi ulike happenings, som f.eks. temaveker, markerer høgtider, Halloween, avslutningsfest for russekullet og ulike konkurransar.
Det er viktig at alle tar ansvar for å skape eit godt klasse- og skulemiljø. For å gjere det best mogleg på skulen er det viktig at du har det godt med deg sjølv og trivst sosialt. Miljøteamet er alltid opne for forslag til kjekke, fine aktivitetar og opplevingar for enkeltklassar og skulen som heilheit. Vi samarbeider tett med elevrådet og russestyret, og kan på den måten få eit godt innblikk i kva som rører seg på skulen.
Miljøteamet har base på Stølen på rom C211 (same etasje som kantina). Der er du alltid velkommen! Kanskje du føler for å slå av ein prat, har noko du vil spørje om, eller kanskje du berre treng å få litt ro om øyrene ei lita stund. Uansett er det berre til å kome innom.
I ei rekke saker samarbeider vi ofte med andre. Dette kan gjelde alt frå mobbesaker, trivsel på skulen, aktivitetstilbod og aktivitetsdag på skulen etc.
Ta veldig gjerne kontakt - vi er her for deg!