Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenester

Rådgjevarar og helsetenesta samarbeider for at du skal trivast og ha god helse! Me hjelper deg med tilrettelegging av undervisning, og gir rettleiing innan utdanning - og yrkesval.

VIKTIG INFO OM MOBBING 

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø med nulltoleranse mot krenking som mobbing vald, diskriminering og trakassering. Opplæringslova kapittel 9 A gjeld for skuleelevar.

Dersom du opplever kritikkverdige forhold som krenking, mobbing, vald, diskriminering og trakassering ved din skule skal du kunne varsle om det og vere viss på at ansvarlege for di opplæring følgjer opp. Det er rektor som har plikt til å følgje opp. Dersom du varslar på skuleleiing vil avdeling for opplæring og kompetanse behandle saka. 

 

 

 

Rådgjevartenesta

Kva kan rådgjevar hjelpe deg med?

Du kan ta kontakt direkte med rådgjevar for rettleiing og støtte i skulekvardagen. Rådgjevarane kan hjelpe deg i spørsmål om val av fag og utdanning. 

Rådgjevarane samarbeider tett med kontaktlærar, faglærarar og avdelingsleiarane. Ved behov kan dei også ha samarbeid med føresette til elevar som er under 18 år.

Rådgjevarane kan også gi sosialpedagogisk hjelp og rettleiing med personlege problem og utfordringar i kvardagen. Dei har tett kontakt med OT/PPT og andre offentlege instansar og kan formidle kontakt med dei.

Rådgjevarane har teieplikt.

 

Rådgjevar Spesialundervisning ordinær opplæring
Profilbilde av  Torill Ystebø Ingebrigtsen
Torill Ystebø Ingebrigtsen
95884591

 

Rådgjevar for Vg 1 Studiespesialiserande og Vg3 Påbygg, HelseTAF og ByggTAF (vg 1,2,3,4)
Profilbilde av  Eili Kristin Torpe Bødal
Eili Kristin Torpe Bødal
56355450
Rådgjevar for Vg 2 og Vg 3 studiespesialisering, ElektroTAF og TipTAF (Vg 1,2,3,4)
Profilbilde av  Stig Solberg
Stig Solberg
40806304
Rådgjevar for Vg 1 Elektro og datateknologi, Vg 2 Elenergi og ekom, Vg1 Teknologi- og industrifag og Vg 2 Industriteknologi og Kjemiprosess- og laboratoriefag
Profilbilde av  Jarle Iversen
Jarle Iversen
56355400
Rådgjevar for Vg1 og Vg 2 Helse- og oppvekst, Vg1 og Vg2 Bygg og anlegg, Vg1 Håndverk, design og produktutvikling (HIP)
Profilbilde av  Cecilie Elise Adelheid Rødland Jelstad
Cecilie Elise Adelheid Rødland Jelstad
96949155

Skulehelsetenesta

Helsesjukepleiar

Helsesjukepleiar har kontor både på Juvikstølen og RNH(Region Nordhordland Helsehus). Her kan ein ta opp ulike emne som til dømes:

  • Prevensjon/ seksualitet
  • Uro
  • Vonde opplevingar
  • Rus
  • Fysisk helse
  • Psykisk helse
  • Andre helsespørsmål
  • Det du har på hjarta

Tilbodet er gratis. Vi har teieplikt.

Opningstider:

Helsesjukepleiar er tilgjengeleg på skulen, mandag, tysdag, og torsdag.

Stølen: Mandag, tysdag, og torsdag.

RNH : Mandag og torsdag.

Kontor:

Stølen: Ved siden av biblioteket i " rådgjevargangen".

RNH: Inn hovudinngang, skrå mot venstre, heis opp i 3.etg.

Du kan og ta kontakt på Helsestasjon for ungdom: 

  • Frekhaug - kvar tysdag kl. 15.00 - 18.00. Stad: Havnevegen 41 
  • Knarvik - kvar onsdag kl 1530-1830. Stad: RNH.
Helsesjukepleiar
Profilbilde av  Sissel Hatlevik
Sissel Hatlevik
91649408

 

Helsesjukepleiar
Profilbilde av  Mette Haukås
Mette Haukås
45250251

      

Miljøteam

Ingrid Marie Bachmann (miljøterapeut) og Nina Holmedal (miljøfagarbeidar) er skulen sitt miljøteam!

Vi jobbar for at du skal ha det best mogleg, og at du skal få oppleve mykje kjekt som elev her på skulen. I løpet av året arrangerer vi ulike happenings, som f.eks. temaveker, markerer høgtider, Halloween, avslutningsfest for russekullet og ulike konkurransar.   

Det er viktig at alle tar ansvar for å skape eit godt klasse- og skulemiljø. For å gjere det best mogleg på skulen er det viktig at du har det godt med deg sjølv og trivst sosialt. Miljøteamet er alltid opne for forslag til kjekke, fine aktivitetar og opplevingar for enkeltklassar og skulen som heilheit. Vi samarbeider tett med elevrådet og russestyret, og kan på den måten få eit godt innblikk i kva som rører seg på skulen. 

Miljøteamet har base på Stølen på rom C211 (same etasje som kantina). Der er du alltid velkommen! Kanskje du føler for å slå av ein prat, har noko du vil spørje om, eller kanskje du berre treng å få litt ro om øyrene ei lita stund. Uansett er det berre til å kome innom.

I ei rekke saker samarbeider vi ofte med andre. Dette kan gjelde alt frå mobbesaker, trivsel på skulen, aktivitetstilbod og aktivitetsdag på skulen etc.

 Ta veldig gjerne kontakt - vi er her for deg! 

 

Miljøteam

Miljøterapeut
Profilbilde av  Ingrid Marie Bachmann
Ingrid Marie Bachmann
94249084
Miljøfagarbeider
Profilbilde av  Nina Holmedal
Nina Holmedal
91380682

Elev- og lærlingombodet i Vestland

Venke Nordeide er elev- og lærlingombod i Vestland fylkeskommune og jobbar for at du som er elev eller lærling skal få rettferdig behandling.

Lurer du på noko som gjeld skulekvardagen din? Er du usikker på kva som er innanfor? Kva som er greitt og kva som er ugreitt når du er lærling? Får du opplæringa du har rett på? Opplever du at noko er urettferdig?

Dette og meir kan du snakke med Venke om. Ho passer på rettane dine og informerer deg om ansvaret ditt. Ho har teieplikt! 

Meir informasjon finn du på Vestland fylkeskommune si nettside. Du finn ho også på Snap (Elombud), på Instagram: ombodvestland og på Facebook: Elev- og lærlingombodet i Vestland.

Elev- og lærlingombod
Profilbilde av  Venke Nordeide
Venke Nordeide
99541913

Elevrådet

Elevrådet  er representert med ein elev frå kvar klasse.

Er det noko du ønskjer å endra på skulen, kan du ta det opp som ei sak i  elevrådet. Vil du bidra til å laga eit godt skulemiljø, kan du engasjera deg som tillitsvald i klassen, i ein komite, eller berre ved å vere ein god medelev!

LÅN OG STIPEND

Er du elev og har ungdomsrett, kan du få utstyrsstipend frå Lånekassen. Du får stipendet uansett hvor mye foreldrene dine tjener.

Du bør søkje snarast etter opptak i juli. Står du på venteliste bør du vente til endeleg opptak. Søknadsfristen er 15. november. For kurs som startar 1. oktober eller seinare er søknadsfristen 15. mars.

Logg inn på Lanekassen.no og gå deretter til Dine sider. Her treng du MinID eller BankID.

Foreldreinntekta avgjer om du får støtte og kor mykje støtte du får. Dei som er bortebuarar og er "rettselevar" vil få bortebuarstipend. Alle kan og søkje om utstyrsstipend (gjeld ikkje lærlingar og elevar utan ungdomsrett).