Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

TAF lærlingar frå Knarvik vgs kåra til årets lærling!

Sofie Øian.jpg
Årets lærling i betongfaget, Sofie Øian frå Veidekke Entreprenør, får sin premie av jurymedlem Mads Wiik Kleven frå Fellesforbundet.
Henrik Wisth.jpg
Årets lærling i betongfaget, Henrik Wisth, her med direktør Hans Martin Moxnes i EBA Vestenfjelske og adm. direktør Inger Kristin Ulveseth i Brødrene Ulveseth.

Onsdag 9. desember vart årets lærling i Entreprenørforeningen - Bygg og Anlegg kåra av Byggopp Vestland. Her vart første og andre plassane i betongfaget delt ut til heile fire TAF byggfag lærlinger!

Det vart delt førsteplass mellom Sofie Øian frå Veidekke Entreprenør og Henrik Wisth frå Brødrene Ulveseth. På andreplass kom Audun Haukeland frå Obas Entreprenør og Janniche Næss Bergås frå Backe Bergen.

Vi gratulerar våre dyktige elevar!