Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Sommarskulen i Knarvik

Plakat sommarskule 2020.  NY april.jpg

Sommarskulen har også i år undervisning i matte, og norsk for elevar med eit anna morsmål og kort butid i landet. I Knarvik kan du ta matematikk for yrkesfag med eksamen. Sommarskulen er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Røde Kors. I år vil sommarskulen bli arrangert i tida frå måndag 22. juni til fredag 3. juli, alle kvardagar frå kl. 8.30-14. Gratis frukost og lunsj kvar dag.

I år er sommarskulen frå 22.juni til 3.juli, alle kvardagar frå kl. 08.30 – 14.00.

Kven kan delta:

Tilbodet om sommarskule gjeld for deg som er elev i offentleg vidaregåande opplæring i tidlegare Hordaland, og lærlingar/søkjarar til læreplass.

Fag:

I Knarvik kan du ta matematikk for yrkesfag med eksamen.

Pris:

Sommarskulen er eit gratis tilbod

 

Grunna smitteverntiltak blir det i år ikkje tilbod i matematikk for studiespesialiserande.

Vi tilbyr følgjande kurs:

  1. Matematikk med eksamen fredag 3.juli for elevar og lærlingar i yrkesretta opplæring:

Tilbod i Bergen, Knarvik, og Stord. For elevar med 1 i standpunkt eller 1 til eksamen frå vg1, og til lærlingar som manglar godkjend eksamen i matematikk MAT 1001 PY frå vg1.  Elevar som har «Ikkje vurdert» (IV) i faget, må ta eksamen som privatist på vanleg måte i haust, men kan følgje undervisninga ved sommarskulen for å vere betre førebudd til eksamen.

  1. Norsk i Bergen for elevar med kort butid i landet:

Kurset eignar seg for minoritetsspråklege elevar med kort butid i landet, og blir arrangert i Bergen på Amalie Skram vgs. Dette er eit tilbod for dei som går i vidaregåande offentlege skular, eller som skal starte i vidaregåande skule hausten 2020.

Fakta om sommarskulen:

  • Sommarskulen er gratis! Du får frukost og lunsj kvar dag.
  • Tilbod berre til elevar i offentleg vidaregåande opplæring, og til lærlingar i Vestland.
  • Elevar som ikkje kan reise til og frå dei aktuelle skulane kvar dag, må sjølv ordne overnatting
  • Eksamen i yrkesretta matematikk blir arrangert siste kursdag den fredag 3.juli.
  • Lærarar frå Vestland fylkeskommune vil vere ansvarlege for undervisninga, med god støtte frå Røde Kors sine frivillige.
  • Du kan berre velje eitt kurs.
  • Elevar til matematikk, må ta med eigen PC, skrivesaker, kalkulator og passar                          

 

Meir informasjon og påmelding