Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Retorikkprisen 2017

Daniel skjønar han har vunne.jpg

Daniel vann retorikkprisen

Torsdag 14. september var det finale i Retorikkprisen 2017. Alle avgangselevane ved Knarvik har delteke ved å tale til klassen sin om ei sak dei brenn for. Kvar klasse fekk sende den appellen dei likte aller best, vidare til skulefinalen. Torsdag var det tid for klassekamp i Knarren, med 6 finalistar og 156 avgangselevar som publikum. Etter å ha lytta til seks fantastiske appellar, fekk elevane røysta digitalt. Under oppteljinga var stemninga så spent at det dirra i salen. Til slutt var det klart at Daniel Bilsback, 3Sta, vart skulemeister i retorikk. Han tok heile salen med storm med ein varm og rørande appell om einsemd.

Her er dei andre finalistane:

3Stb, Madeleine, om ytringsfridom

3Stc, Leah, om menneskehandel og pornoindustri
3Std/f, Ulrikke, om russelåter og sexpress
4El/Tip-Taf, Lene, om kroppspress
4Hs/Ba-Taf, Lila, om legalisering av medisinsk cannabis