Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Organisering av skuledagen når skulen er stengt

Informasjon til elevar og føresette  om korleis skuledagen vert organisert når skulen er stengt.

Til elevar og føresette

ORGANISERING AV SKULEKVARDAGEN NÅR SKULEN ER STENGT

Alle elevar skal følgje sin timeplan. Eleven nyttar sin PC og startar kvar skuletime på Its learning. Merk deg at du vil bli invitert inn i videokonferanse med bilete og lyd, og det er forventa at du er klar for dette.

Undervisning vil foregå digitalt så langt som råd. Lærar velger si tilnærming. Situasjonen er ny for lærarane og både vi og de elevar kjem til å møte utfordringar dei nærmaste dagane i læringsarbeidet.

 Du skal finne ein plan for kvar undervisningstime i kvart fag på Its learning. Følg dei instruksjonane som lærar har lagt ut. Dette kan vere oppgåver, filmar eller videokonferanser. Bruk elles chat og meldingsfunksjon i kommunikasjon med lærar om ikkje anna er avtalt.

Fråværsmelding må gjennomførast som vanleg. Å vere pålogga og delta i timen er frammøte.

 

TAF-elevar alle trinn

All undervisning i fag vert gjennomført digitalt, der du er heime og følgjer timeplanen som vist over. Når du er i praksis følgjer du bedrifta di sine rettningsliner. Dersom du vert permittert frå bedrift, vil TAF-koordinator ta over undervisning (digitalt). Lurer du på noko, ta kontakt med din TAF-koordinator.

 

Alle elevar på yrkesfag (ikkje TAF)

All praksis du eventuelt har i bedrift skal avsluttast. Undervisning skal skje etter timeplan, der du er heime og er pålogga via Its learning - som omtala over.

Informasjon til elevar og føresette