Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Innlevering av lærebøker

DSC_1507.jpg

Grunna korona-situasjonen, blir det ein litt annan måte å levera inn bøkene på dette skuleåret. Kva må du som elev gjere? Kor leverer du bøkene? Korleis kan du sjekke at alle bøkene er levert? Kva skjer om du ikkje leverer alle bøkene? Klikk på overskrifta og finn svar.

Frå 5. juni kan elevane levera bøkene sine på palle/«dropstasjon» i ekspedisjonen på Stølen.
Bøkene ligg du i pose med namn, klasse og dato for innlevering.
Berre ein elev kan vera ved «dropstasjonen»/i ekspedisjonen om gangen.
For dei som ikkje har med pose, vil posar ligge tilgjengeleg ved «dropstasjonen»
Det blir ikkje sett opp tidspunkt for klassane, men kvar elev har ansvar for å levera sine bøker før siste skuledag.
Elevane har høve til å sjekka om dei har uteståande bøker ved å lasta ned Bibliofil-appen   og logge seg inn der.
Eller at eleven tar kontakt med skulebibliotekar etter skuleslutt.
Elevar som ikkje har levert alle bøkene sine, vil få purring på SMS/e-mail to gongar i løpet av sommaren. Rekning for bøker som ikkje er levert, blir sendt ut til hausten.