Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kulturverksted

På kulturverkstaden vil du få nærare kjennskap til studioproduksjon innan musikk- og filmproduksjon, med moglegheit til fordjuping i det faget som interesserer deg mest.

_DSC1949.jpg

 

Ein arbeidsdag på kulturverkstaden:

Kl. 09:00 - felles frokost i kantinen saman med dei andre verkstadene
Kl. 09:30 - vi startar arbeidsdagen med eit morgenmøte på verkstaden vår der vi går igjennom planar for dagen, status på prosjekter m.m. er fra
Kl. 12:00 - 12:30 - Lunsj
Kl 12:30-15:00 - held vi fram med arbeidet

I samband med nokre produksjonar vil vi måtte skyve arbeidstida til kvelder og nokre få gonger også i helger. Ved arbeid utover ordinær arbeidstid får du tilsvarande fri i veka (avspasering).

Dersom du ønskjer å få meir erfaring og innblikk i arbeid med musikk- og filmproduksjon, er kulturverkstaden noko for deg. Vi driv verkstaden som eit arbeidsfellesskap der vi saman tar avgjerder om korleis vi skal gjennomføre dei ulike oppdraga vi tar på oss.

Eksempler på kva type oppdrag vi utfører for kunder er: Filmproduksjon (reklamefilmar, informasjonsfilmar, musikkvideoar, musikk til film, live-streaming m.m.) musikalske innslag og kulturframsyningar, samt teknisk gjennomføring av konferansar.

På verkstaden vår har vi tre moderne studiorom, eit øvingsrom samt eit klipperom for film og medieproduksjon. I tillegg har vi eit utval instrument, kamera og utstyr for lydopptak, og dei fleste standard musikk programma (FL studio, Cubase, Pro Tools). Når det gjeld filmproduksjon bruker vi Davinci Resolve som standard program for klipping og color grading.

Gjennom opphaldet på kulturverkstaden deltar du ofte i møter med kunder og vil lære mykje om kundebehandling, planlegging, gjennomføring og evaluering av dei prosjekta vi til ei kvar tid held på med.

For dei som søkjer seg inn på Kulturverkstaden er det ønskjeleg med noko forkunnskap innan lyd- og/eller filmproduksjon.

Slik søkjer du skuleplass hos oss

Har du spørsmål kan du ta kontakt med