Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Design og handverk

På verksteden for design og handverk vil du få nærare kjennskap til designfaget si breidde, og moglegheit til fordjuping innan ditt interesseområde.

DH_framsiden.jpg

 

Produkt som er laga er i stor grad eit resultat av prosessar der dine ønskjer er vidareutvikla og tilpassa gjennom dialog, rettleiing og praktisk arbeid.

Design og handverksgruppa reiser på ekskursjonar til utstillingar, verkstader og atelier for inspirasjon og læring.

På Design- og handverksverkstaden er utprøving av ulike teknikkar ein del av designutviklinga på verkstaden, både for eiga utforsking og for å fornye og tilføre nye produkt.

Du får erfaring med produksjonsarbeid og å forholda deg til eksterne oppdragsgivarar. Du lærer å løyse oppgåver innan grafisk design og illustrasjon.

Design, redesign og produksjon av klær er eit tilbod i verkstaden, og du vil også få erfaring med leire og å utvikle keramikkprodukt.

I samarbeid med andre verkstader er det tilgang på utstyr innan foto, film og  trearbeid. Teikning/måling er også ein viktig metode for å utvikle form- og fargekompetanse.

Du vil også kunne fordjuping deg innan ditt interessefelt i faget.

Slik søkjer du skuleplass hos oss

har du spørsmål kan du ta kontakt med