Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bygg og anlegg

På bygg- og anleggsverkstaden får du ta del i ein allsidig produksjon, spesielt retta mot betongfaget. Vi tilbyr også ei innføring i generell bygg- og anleggsteknikk.

BA 2.jpg

 

En typisk kvardag på verkstaden vår ser slik ut:

09:00 felles frukost i kantina
09:30 pakke i bil
09:45 køyre til byggeplassen
10:00 starter arbeidet
12:00 lunsj
12:30 held fram med arbeidet
14:40 køyre tilbake til Hyssingen.

På bygg- og anleggsverkstaden får du ta del i ei allsidig arbeidstrening retta mot arbeidslivet. Dette passar for deg som liker praktisk arbeid, og som liker å jobbe med hendene.

På verkstaden får du vere med å lage støypeformer (forskaling) til betongmurar, ringmur til garasje, og andre betongkonstruksjonar.

Vi tar også på oss oppdrag innan tømrarfaget der vi lagar rekkverk, terrassar, og andre mindre konstruksjonar.

På Bygg og anleggsverkstaden vil du også lære sikker bruk av maskinar og utstyr i eit inkluderande arbeidsmiljø.

Store deler av året utfører vi arbeid for kunder utanfor skulen.

I vintermånadane er vi inne på verkstaden og har produksjon av forskjellige betong- og treprodukt som til dømes lysestakar i betong, hagebenkar og bord, og prefabrikkering av deler til utesesongen.

Slik søkjer du skuleplass hos oss

Har du spørsmål kan du ta kontakt med