Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Om produksjonsskulen

Idé- og verdigrunnlaget til produksjonsskulen er å skapa eit praktisk læringsgrunnlag, som kan gi ungdom lyst, moglegheit og kompetanse til å gjennomføre ein vidaregåande utdanning eller klare seg på arbeidsmarknaden.

For 16-21-åringar som har droppa ut av skulen

Målgruppa til Hyssingen produksjonsskole er ungdom mellom 16 og 21 år som har slutta eller ikkje har begynt på  vidaregåande opplæring i Hordaland. Ungdommen kan vere på Hyssingen i inntil eit år, og all innsøking til oss er via OT/PPT.

Arbeidsfellesskap og meistring

Hyssingen har fire  ulike verkstader med ein reell produksjon, som leverer varer og tenestar til eksterne kundar.

På produksjonsskulen vil ein få arbeidslivsdanning gjennom å styrke fagleg utdanning, personlege eigenskapar og sosial kompetanse. Det er produksjonen sin nødvendigheit, arbeidsfellesskapet og meistring av prosessen som er reiskapane våre og som dannar grunnlaget for pedagogikken vår.

Produksjonsskulen er eit tilbod til dei som treng å finne retning og utnytte sitt eige potensiale i eit inkluderande miljø. Opphaldet på Hyssingen blir lagt til rette etter den enkelte sitt behov og framtidsplanar.