Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Skulehelseteneste

Elevane har tilbod om rådgjeving, støtte og hjelp frå helsepersonell både i skuletida og utanfor.

Opningstider

Helsesøster, Gunnlaug Lekve, har fast kontortid mellom kl 12.00 og kl 14.00. Ho er då å treffa på kontoret til elevinspektøren i Kvitebygningen.

Helsestasjon for Ulvik er open kvar måndag mellom kl 15.30 og kl 16.30. Der vert det høve til å treffe helsesøster og lege utan timebestilling. Stad: helsestasjonen i Sentrumsbygget.

Oppfølgings- og pedagogisk-psykologisk teneste (OT/PPT)

OT/PPT kan hjelpe deg dersom du:
›Er mellom 16 og 24 år med opplæringsrett
›Er elev i vidaregåande skule
›Er lærling eller lærekandidat

Du kan få råd og rettleiing om:
›Skule- og yrkesval
›Alternativ opplæring
›Fagvanskar
›Sakkunnige vurderingar t.d. ved lese- og skrivevanskar
›Tilrettelegging
›Personlege vanskar

OT/PPT har teieplikt og gjer ikkje noko utan at du eller føresette er einige. Bruken av våre teneste er frivillige og all kontakt med oss er gratis.

Kontakt

Dersom du ynskjer kontakt med helsesøster kan du kontakte ho direkte på telefon 56527042 / 40007143 eller e-post. Du kan og be elevinspektør om å ta kontakt for deg.

Dersom du ynskjer å nytte deg av OT/PPT sine tenester kan du snakke med faglærar, kontaktlærar eller elevinspektør.