Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Internat

Hjeltnes tilbyr rom på internat for dei vaksne elevane og studentane som går på gartnar- og arboristutdanning.

To internat

Skulen har to internat for elevane med til saman 46 rom. Det største internatet med 30 rom ligg fint til i parken, nær undervisningsbygget og administrasjonen. Det minste internatet med 16 rom ligg meir for seg sjølv med flott utsikt over bygda og fjorden.

Innhald

Internata på skulen har einerom som er utstyrde med vask og enkel møblering. Det er felles toalett og dusj på kvar gang. Kvart internat har kjøken med kvitevarer, TV-stove og vaskerom med vaskemaskin til felles bruk. Elevane har og eige trimrom til disposisjon. På internatet er det tilgang til trådlaust nettverk på alle rom.

 

Bilete frå innemiljøet:

Stova på internatet

Kjøkkenet på internatet