Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Fritidsaktivitetar

Å ha ei aktiv og meiningsfull fritid er viktig for å kunne yte godt på skulen, og for å trivast på Hjeltnes.

 

Aktivitetar i tilknyting til skulen:

  • Verkstadkveld/maskinkveld: Ein kveld i veka vert det arrangert verkstad/maskinkveld, der elevane kan få instruksjon og trening i å køyra maskiner/traktor. Dersom dei ynskjer å mekka kan det også verta høve til det.
  • Bibliotek: Skulen har eige bibliotek i underetasjen på gulebygget der elevane kan låna faglitteratur og skjønnlitteratur.
  • Trim: Det er gode høve for variert fysisk aktivitet både innandørs og utandørs på skulen. På gulebygget er det trimrom som elevane kan nytta. I umiddelbar nærleik til skulen er det eit stort, flott turterreng (Åsen) med mange kilometer turstiar og traktorvegar. Ein kort gåtur frå tunet på skulen ligg Holmen og her er det idrettsanlegg med friidrettsbane, fotballbane, sandvolleyballbane og skaterampe. I sommarhalvåret er det også høve til å stå på vannski her, i regi av Ulvik Vassskiklubb, samt nytte den flotte badestranda i Holmen til bading, symjing og soling.
  •  Kano/robåt: Skulen har fleire kanoar som vert nytta i undervisninga. Desse, samt to robåtar, kan elevane disponera på fritida si dersom dei ynskjer å fiska, transportera seg til Brakanes eller berre kosa seg på fjorden. Skulen har sjølvsagt flytevestar/redningsvestar som me oppmodar elevane om å nytte når dei er i båt.
  •  Stallplass: I løa på skulen er det tre stallplassar som kan lånast ut til elevar som vil ha med eigen hest til Hjeltnes. Ta kontakt med administrasjonen for meir informasjon.
  • Slondal: Her har skulen to hytter, ei for dei tilsette og ei for elevane. Slondal ligg ovanfor Mjølfjell, ikkje langt frå Bergensbanen. Fjellområdet her egnar seg godt til turar til fots og på ski til alle årstider, samt rekreasjon og fiske.

Aktivitetar elles i Ulvik:

  • Brakanes er namnet på sentrum i Ulvik, og her kjem du deg ved å køyre eigen bil, ta buss, gå eller ro. På Brakanes finn du matbutikkar, kino, kafear, kiosk, bibliotek og treningssenter.
  • Ulvik Idrottslag er eit aktivt idrettslag med mange ulike aktivitetar for alle aldersgrupper. Anlegga dei nyttar er idrettsanlegget i Holmen, langrennsanlegget på Drevtjern og gymsalen på Brakanes Skule. Sjå elles aktivitetsplanen som ligg på heimesida deira.
  • Skulemusikken i Ulvik er eit aktivt korps med medlemmar i alle aldrar. Elevane på Hjeltnes er alltid velkomne til å vera med.
  • Hardanger Bogeskyttarlag har jamlege kurs og treningar. I vinterhalvåret held dei til i anleggshallen i Holmen. Ta kontakt med Harald Andersen for meir info.