Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Design og handverk

Design og handverk er ei yrkesfagleg utdanning. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære eller ta læretida på skule. Du kan òg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vg2 Blomsterdekoratør

Aktivitetar gjennom skuleåret:

  • praktiske oppdrag med romdekorering, borddekorering og utsmykkingar
  • laga eigen butikk på skulen til jul
  • høve til å delta ved distriktsmeisterskap i blomsterdekorasjon
  • utplassering i blomsterbutikkar
  • tur til NM i blomsterdekorering
  • høve til praksisperiode i Slovenia
Les om programfaga

Kven høver det for?

Er du kreativ, interessert i blomar, har estetisk sans og flink til å arbeide med hendene? Då er gjerne blomsterdekoratørutdanninga noko for deg. Det er eit yrke som er i kontinuerlig utvikling, i takt med skiftande trendar og med hektiske sesongar. Det krev god fagkunnskap og god evne til å yte service for å kunne verte ein god blomsterdekoratør.

Kvar kan du jobbe?

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG2
Sum timetall per uke 35
Norsk 2
Engelsk 2
Samfunnsfag 3
Kroppsøving 2
Produksjon 12
Produktutvikling 5
Prosjekt til fordjuping 9

Første året

_DSC2362.jpg

Vg1 Design og handverk

For å kome inn på Vg2 Blomsterdekoratør må du fyrst fullføre Vg1 Design og handverk. Dette tilbodet har me ikkje på Hjeltnes, og du må då gå på ein anna vidaregåande skule fyrste året.

Andre året

_DSC2344.jpg

Vg2 Blomsterdekoratør

Når du har fullført Vg1 Design og handverk kan du gå Vg2 Blomsterdekoratør. Etter dette året er du klar for å søke læreplass i blomsterdekorasjonfaget.

Du har også høve til å gå Vg3 påbygging til studiekompetanse dersom du ynskjer å ta med deg den praktiske kompetansen din frå Vg1 og Vg2 inn i høgare utdanning.

Meir informasjon

Kontaktlærar Profilbilde av Lillian Ostenfeldt Gissel

Lillian Ostenfeldt Gissel

Send e-post