Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Naturbruk

Er du interessert i natur og miljø, dyr og menneske? Då kan naturbruk passe for deg. Du kan bli lærling etter 2 år på skule, og deretter ta fagbrev. Du kan òg gå vidare på Vg3 og ta yrkeskompetanse eller studiekompetanse, avhengig av kva programområde du vel.

Vg2 Anleggsgartner- og idrettsanleggsfag

Aktivitetar gjennom året

  • praktisk arbeid med konkrete prosjekt på skulen, som å laga uteplassar, murar/trapper, plantebed m.m.
  • øving i bruk av maskiner som traktor, gravemaskin, grasklippar og hjullastar
  • ulike typer sertifiseringar
  • utplassering i anleggsgartnarbedrifter
  • høve til utplassering i ei bedrift i Nederland
Les om programfaga

 

Kven høver det for?

Som anleggsgartner får du eit breitt spekter av arbeidsoppgåver som gjev deg ein variert arbeidskvardag. Dette yrket passar for deg som er glad i å arbeide ute, likar å handtere ulike typer maskiner og som kan tenke deg å arbeide både med planter og stein.

Som driftsoperatør på idrettsanlegg får du eit yrke der du vedlikeheld og driftar ulike typer idrettsanlegg.  Det høver godt til deg som likar varierte arbeidsoppgåver utandørs og handtering av ulike typer maskiner og anlegg.

Kvar kan du jobbe?

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG2
Sum timetall per uke 35
Norsk 2
Engelsk 2
Samfunnsfag 3
Kroppsøving 2
Drift og vedlikehald 8
Nyanlegg 9
Prosjekt til fordjuping 9

Første året

_MWF7506.jpg

Vg1 Naturbruk / Vg1 Bygg og anleggsteknikk

Dersom du ynskjer å gå Vg2 Anleggsgartner- og idrettsanleggsfag må du gå anten Vg1 Naturbruk eller Vg1 Bygg og anleggsteknikk.

På Hjeltnes tilbyr me Vg1 Naturbruk der du kan velje anleggsgartnerfag som prosjekt til fordjuping. Du vil då få eit godt grunnlag for å gå vidare på Vg2 Anleggsgartnar- og idrettsanleggfag.

Andre året

_MWF7615.jpg

Vg2 Anleggsgartner- og idrettsanleggsfag

Gjennom dette året får du den teoretiske og praktiske kompetansen du treng for å byrje som lærling i anleggsgartnerfaget eller som driftsoperatør av idrettsanlegg.

Du har også høve til å gå Vg3 påbygging til studiekompetanse dersom du ynskjer å ta med deg den praktiske kompetansen din frå Vg1 og Vg2 inn i høgare utdanning.

Meir informasjon

Kontaktlærar Profilbilde av Monica Birkelund

Monica Birkelund

Send e-post