Model.Layout.UserName=

UserExtensions.GetUsername()=

34.204.176.189

Personvernerklæring for skulen


Behandlingsansvarleg

HFK ved Fylkesrådmann er behandlingsansvarleg for fylkeskommunen sin behandling av personopplysningar. Rektor ved dei ulike skulane er delegert det daglege ansvaret for behandling av personopplysningar om elevar.

Kva er det rettslege grunnlaget?

Opplæringslova med forskrifter, forvaltningsloven, lokale forskrifter og personopplysningsloven. Andre lover kan og vere aktuelle.

Kva slags personopplysningar blir behandla?

Opplysningar som blir behandla er namn, fødselsnummer, kontaktinformasjon til både elev og føresette (adresse og telefonnummer), kva for eit trinn du høyrer til, studieprogram, karakterar, permisjonar, helseopplysningar, institusjon o.l.

Formålet? Kva vert opplysningane brukte til?

Opplysningane vert i hovudsak brukt til administrative formål, og for at vi skal oppfylle våre plikter overfor deg som elev. Det kan vere opplysningar om alt frå søknad, oppmelding til eksamen, utveksling, tilrettelegging av undervisning, spesialundervisning, utskriving av vitnemål og kompetansebevis, og så vidare.

Kvar vert opplysningane henta frå?

Informasjonen blir henta frå søknad om inntak, informasjon som du sjølv registrerer via Vigo og/eller andre elevportalar. Personopplysningane kan også bli henta frå ulike skjema som blir fylt ut ved skulestart. Skulen bruker mellom anna SkoleArena kor lærarar fører karakterar, vurderingar og fråvær. Extens vert nytta for produksjon av dokumentasjon og vitnemål.

Kva slags rettigheiter har den registrerte?

Ein har rett til innsyn i eigne personopplysningar, samt krav om retting eller sletting av mangelfulle eller opplysningar som ikkje er rette og som vi har registrert på deg.

Vert opplysningane utlevert til tredjepartar?

Fylkeskommunen leverer ikkje ut personopplysningar til tredjepartar for kommersiell bruk.
Etter avslutta vidaregåande opplæring, vert noko informasjon overført til ulike registre. Eksempelvis PAS/PGS (gjennomføring av eksamen), nasjonal vitnemålsdatabase og Statistisk sentralbyrå.
Utlevering av opplysningar til andre tredjepartar f. eks foreldre/føresette krev heimel i lov. Foreldre kan ha rett til opplysningar som gjer dei i stand til å ivareta foreldreansvaret.

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål om dine personopplysningar i Hfk kan du kontakte personvernombod Marianne Seim, e-post Marianne.Seim@hfk.no

NB! Pass på å ikkje sende sensitive personopplysningar via epost.