Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Arbeidstrening

Spesialundervisning med opplæring i liten gruppe (HTA)

Vi prøver å skreddersy timeplanen etter ønskja og behova til dei elevane som til ei kvar tid går i gruppa. Opplæringa er praktisk retta, men gruppa vår har mykje teori også. I andre og tredje år får elevane prøve seg i arbeid i ein av samarbeidsbedriftene våre.

Målet med opplæringa er at eleven etter 3 år i HTA-gruppa skal kunne

  • mestre tilrettelagt arbeid på ein ordinær arbeidsplass eller i ei arbeidsmarknadsbedrift.
  • bu for seg sjølv i eigen leilegheit eller i eit bufellesskap med litt hjelp.
  • styre sin eigen økonomi med litt hjelp.

Tilbodet er knytt opp mot programområdet Studiespesialisering.

Arbeidstreningsgruppa og dramaelever i førestillng. Foto.
Arbeidstreningsgruppa og dramaelevar i Jubileumsførestellinga 2015 

Før du søkjer

Før elevane søkjer, ønskjer vi at elev og føresette kjem på besøk og får orientering om tilbodet vårt. Vi tilpassar tilbodet til dei elevane som går i gruppa til ei kvar tid, og derfor ønskjer vi å vere i dialog med føresette og innsøkjande skole i god tid før søknadsfristen.

Korleis søkjer eg?

Ordninga krev at eleven har enkeltvedtak om spesialundervisning. Du kan søkje via nettsida vigo.no og må i tillegg fylle ut eit søknadsskjema.

Søknadsfristen er 1. februar for å kome med i ordinært opptak.

Du kan kontakte rådgjevar på ungdomsskolen for å få hjelp til å søkje . Eller du kan kontakte Opplæringsavdelinga direkte ved spørsmål om tilbod og søking.

Søk utdanning Opplæringsavdelingen

Spør meg om Arbeidstrening (HTA)

Rådgjevar
Profilbilde av Berte Fagerås

Berte Fagerås

Send e-post