Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Tilrettelagte grupper

Vi tilbyr opplæring i tilrettelagte grupper for elevar som har behov for det. Gruppene er knytt opp mot eit utdanningsprogram. Opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Arbeidstrening (HTA)

Spesialundervisning med opplæring i lita gruppe. For nokre elevar vil det vere aktuelt å få opplæring med mål om kompetanse for å kunne meistre tilrettelagt arbeid på ein ordinær arbeidsplass, eller i ei vekstbedrift. Fylkeskommunen gjer avtalar med vekstbedriftene om utprøving.

Ein kan søkje om inntak til utdanningsprogramma Studiespesialisering eller Musikk, dans og drama.

Les meir om:

Arbeidstrening

Kvardagslivstrening (HTH)

Spesialundervisning med opplæring i lita gruppe. Opplæringa er tilrettelagt for elevar med store hjelpebehov og med rett til omfattande spesialundervisning.

Målgruppa er elevar som har behov for eit varig tilrettelagt omsorgstilbod. Målet er at elevane skal få betre kompetanse til å meistre ein framtidig tilrettelagt arbeids-, bu- og fritidssituasjon. Opplæringa skal mellom anna kvalifisere for eit meir sjølvstendig liv.

Ein kan søkje om inntak til utdanningsprogramma Studiespesialisering eller Musikk, dans og drama.

Opplæring tilpassa den einskilde eleven

Den sakkunnige vurderinga frå fylkeskommunal PPT vil vere retningsgjevande for tilrettelegginga og innhaldet i opplæringa. Opplæringa er tilpassa den einskilde eleven, og det vil bli utarbeidd IOP (individuell opplæringsplan) for kvar elev.

Spør oss om tilbodet

Rådgjevar
Profilbilde av  Berte Fagerås
Berte Fagerås