Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studiespesialisering

Ønskjer du å studere ved universitet eller høgskule? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Studiespesialisering med toppidrett fotball

Frå hausten 2020 kan du gå studiespesialiserande over tre år med toppidrett fotball som programfag på Fyllingsdalen vgs.

Trening og undervisning

Du vil ha to til tre treningsøkter per veke leia av høgt kvalifiserte trenarar. Treningane og undervisninga i toppfotball svarer til fem skuletimar i veka.

Studiekompetanse

Ved endt skuleløp vil du som elev oppnå generell studiekompetanse med fordjuping i toppidrett-fotball. Det er også mogleg å velje realfag eller språk i tillegg slik at du får spesiell studiekompetanse.

Idrettsanlegg

Søknad og opptak

For å koma inn på studiespesialisering med toppidrett fotball må du gjera fylgjande:

  1. Søk på Fyllingsdalen Vgs som fyrsteval i Vigo frist 1. mars
  2. Fyll ut dette skjemaet innan 1. mars

Etter at du har fått plass på studiespesialisering ved Fyllingsdalen Vgs vil du få svar på om du kjem inn på programfaget toppidrett-fotball. I tillegg til karakterar frå ungdomsskulen vil det bli gjort ei sportsleg vurdering. Minimumskravet for å få plass på toppidrett fotball er at eleven har eit høgt lokalt nivå i sin aldersklasse.

Vigo Søknadskjema Toppidrett fotball

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2 Timetal Vg3
Kroppsøving 2 2 2
Norsk 4 4 6
Framandspråk 4 4 0
Engelsk 5 0 0
Matematikk 5 3 0
Naturfag 5 0 0
Samfunnsfag 3 0 0
Geografi 2 0 0
Historie 0 2 4
Religion og etikk 0 0 3
Programfag 0 10 10
Toppidrett fotball 5 5 5
Sum timetal per uke 35 30 30

Første året

Illustrasjonsbilde fotball

På VG1 vil toppidrett fotball vere eit programfag som blir teke i tillegg til det ordinære fag- og timetalet som vert krevd av alle elevar på VG1 studiespesialiserande. Treningsøktene vil bli lagt utanfor ordinær timeplan og kjem i tillegg til normal studiebyrde.

På Vg1 må du velje eitt framandspråk i tillegg til engelsk. Vi tilbyr:

  • Tysk 2
  • Fransk 2
  • Spansk 2
  • Spansk 1
  • Spansk 1+2

Det språket du vel på Vg1 må du også ha på Vg2.

Andre året

På VG2 vil toppfotball vera eit av dei tre programfaga du må ha kvart skuleår, og faget vil vera ein del av den normale studiebyrden på 30 timer per veke. Du må velje mellom programområda Realfag eller Språk og samfunnsfag, og velje fordjuping innan to fag på programområdet. Vi plar å tilby desse programfaga:

Realfag:

  • Biologi 1
  • Fysikk 1
  • Kjemi 1
  • Matematikk 1

Språk, samfunnsfag og økonomi:

  • Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1
  • Internasjonal engelsk
  • Medie- og informasjonskunnskap 1
  • Psykologi 1
  • Rettslære 1
  • Sosiologi og sosialantropologi

Du skal ha same framandspråk som du hadde i Vg1.

Tredje året

På VG3 vil toppfotball vera eit av dei tre programfaga du må ha kvart skuleår, og faget vil vera ein del av den normale studiebyrden på 30 timer per veke. Du må velje mellom programområda Realfag eller Språk og samfunnsfag, og velje fordjuping innan to fag på programområdet. Vi plar å tilby desse programfaga:

Realfag:

Biologi 1
Fysikk 1 eller 2
Kjemi 1 eller 2
Matematikk S2 eller R2

Språk, samfunnsfag og økonomi:

Breiddeidrett
Entreprenørskap og bedriftsutvikling 2
Medie- og informasjonskunnskap 2
Politikk og menneskerettigheter
Psykologi 2
Rettslære 1
Samfunnsfaglig engelsk
Sosialkunnskap

vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søkje opptak til høgare utdanning i Norge. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du også informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studia.

Har du ikkje bestemt deg? Då kan du få gode tips på utdanning.no.

Samordna opptak utdanning.no

 

spør oss om tilbodet

Fung. Avdelingsleiar for Kroppsøving, Realfag og Språk
Profilbilde av Monica Langeland

Monica Langeland

Send e-post

Spør oss om studiekompetanse

Dersom du ikkje har hatt 2. framandspråk på ungdomsskulen kan du ikkje ta toppidrett fotball VG3 og samstundes oppnå generell eller spesiell studiekompetanse. Vi tilrår at du kontaktar skulen for å høyra kva moglegheit du har til å oppnå studiekompetanse.