Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel. Det er òg mogleg å ta påbygg til generell studiekompetanse.

Fyllingsdalen videregående skole tilbyr: 

  • Vg1 Helse- og oppvekstfag
  • Vg1 Helse- og oppvekstfag for minoritetsspråklege
  • Vg2 Helsearbeidarfag

For deg som vil jobbe med menneske!

Drøymer du om å jobbe med menneske? Ønsker du å bruke dei beste sidene av deg sjølv? Vil du ha ein variert kvardag? Da kan helse- og oppvekstfag være ei utdanning for deg!

Etter fullført utdanning vil du ha verdifull kunnskap og praktiske ferdigheiter som det er stor bruk for i samfunnet.

Søk skoleplass Vilbli.no

Ein praktisk undervisning

Vi har mykje praksis på to flotte praksisrom med moderne utstyr. Der øver vi på ulike prosedyrar, som kroppsvask, fotstell, hårvask og sengereiing.

Vi held på å ta i bruk VR-briller i undervisninga. Dei skal vi mellom anna bruke til å sjå inn i dei indre organa. Vi er og i gang med å ta i bruk simulering og rollespill, der vi bruker den spesialbygde dukken «Nursing Anne» til å øve på ulike sjukdommar og pleiesituasjonar.

Vi har spennande praksisperiodar, der du skal ut i ulike institusjonar for å lære. PåVg1 har vi praksis både haust og vår. På Vg2 har vi 5 veker samanhengande praksis i november/desember.

Undervisninga vår legg opp til at du skal ta ansvar for eigen utvikling og læring, og kunne arbeide sjølvstendig og saman med medelevar. Vi legg vekt på å utvikle både fagleg dyktighet og ein god sosial kompetanse, som er grunnleggjande om du vil arbeide med menneske. 

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2
Norsk 2 2
Kroppsøving 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Helsefremjande arbeid 7 7
Kommunikasjon og samhandling 5 5
Yrkesutøving 5 5
Prosjekt til fordjuping 6 9
Sum timetal per veke 35 35

Første året

Reagensrør. Foto.

Vg1 Helse- og oppvekstfag

Vi har i dag fire vanlege klassar med 15 elevar i kvar klasse. Faga du vil få er:

  • Helsefremjande arbeid: Du vil lære om samanhengen mellom livsstil og helse, om ernæring, hygiene, trening og trivsel. Om kroppen sin oppbygnad og funksjon, og om korleis ein kan førebyggje sjukdom.
  • Kommunikasjon og samhandling: Du lærer deg gode strategiar for samhandling, og trenar på god kommunikasjon med menneske i alle livssituasjonar.
  • Yrkesutøving: Du lærer korleis helse- og oppvekstsektoren er organisert, om lovgjeving og om det å vere ein profesjonell yrkesutøvar.
  • Yrkesfagleg fordjuping: Dette er eit fag med praktisk undervisning på skolen og i institusjonar som sjukeheim, bufellesskap, barnehagar og skolar/SFO. Her får du moglegheit til å fordjupe deg i fag og tema du er interessert i.

Vg1 Helse- og oppvekstfag for minoritetsspråklege

Dette er eit tilbod for deg som treng ekstra tilrettelagt norskopplæring, i tillegg til opplæring i yrkesfaga. Etter fullført og bestått Helse- og oppvekstfag for minoritetsspråklege, kan du søke om inntak til vanlege Helse- og oppvekstfag for Vg2. Vi har to klassar for minoritetsspråklege.

Andre året

Øvelse i kommunikasjon med pasient. Foto.

Vg2 Helsearbeidarfag

Utdanningsprogrammet fører fram til yrke der eigne haldningar, kunnskap om helsefremjande arbeid, livsstilssjukdommar, arbeidsmiljø og kulturskilnader er viktig, og der det blir stilt krav til heilskapleg tenking og tverrfagleg samarbeid.

Helsefagarbeidaren arbeider med praktisk pleie-, omsorg- og miljøarbeid i ulike institusjonar som sjukeheim, dagsenter, bufellesskap, heimebaserte tenester m.m. Helsefagarbeidaren skal kunne observere og bruke kunnskap om ulike sjukdommar, skadar og lidingar, til å sette i verk førebyggjande eller behandlande tiltak.

For å få plass på Vg2 Helsearbeidarfag blir det kravd fullført og bestått Vg1 Helse- og oppvekstfag eller Vg1 Helse- og oppvekstfag for minoritetsspråklege.

vegen vidare

Når du har tatt Vg2 Helsearbeidarfag, kan du søke 2-årig lærlingplass. Då får du løn av bedrifta, og etter endt læretid kan du gå opp til fagprøve og få fagbrev som helsefagarbeidar eller portør.

Du kan også ta Vg3 Påbygg og få generell studiekompetanse. Det må du ha for å kome inn på universitet eller høgskule.

Søk læreplass eller skoleplass Bli lærling

spør oss om tilbodet

Avdelingsleiar Helse- og oppvekstfag og Tilrettelagt
Profilbilde av Siren Kathrin Gjerde

Siren Kathrin Gjerde

Send e-post