Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Ny elev - skoleåret

Velkomen til Fyllingsdalen skole! Enten du er ny elev eller har begynt på eitt nytt skoleår kan det vere mykje å sette seg inn i. Her er nyttig informasjon om det som skjer på Fyllingsdalen videregående skole i skoleåret.

Timeplan og skolerute

Vi har ikkje skoleklokke som ringer. Du passar sjølv på å kome presis til timane.

Fredagane er blokkdagar. Då har du undervisning i eitt fag heile dagen. På enkelte blokkdagar skal du ikkje ha undervisning.

Timeplan

Vi ber om at du sjekkar skoleruta før du planlegg feriar og andre turar. Ved planlagt fråvær må du søkje til rektor i god tid. Søknaden skal vere skriftleg og grunngitt. 

Velkommen-skilt i inngangspartiet. Foto.

På førehand:

  • Du må sjølv ordne med skrivesaker og skrivebøker. Det kan vere greitt å ha gjort på førehand.
  • Du må sjølv ordne med kalkulator. Det kan du gjere på førehand, men vi kjem også med anbefalingar den første veka.
  • Du må sjølv ordne med PC. Sjå nedanfor på sida.
  • Du med rekne med nokre utgifter. Sjå under.

 

Elev med kuleramme. Foto.

Utgifter du vil få som elev

  • Legitimasjonskort: 20 kr.
  • Inngangspengar: kroppsøving og eksterne aktiviteter, opp til 150 kr.
  • Utgifter til treningstøy og reine joggesko/hallsko
  • Utgifter til PC, kalkulator, skrivesaker og skrivebøker

Helse- og oppvekstfag:

  • Kostpengar pr. år: mellom 300 og 600 kr.
  • Sko Vg1: 400 kr
  • Uniform Vg2: 500 kr

 

IT-Konsulentens kontor. Foto.

Elev-PC

Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du må sjølv ordne med PC. Du kan bruke din eigen maskin, eller kjøpe ny maskin i butikk. Elevar som er nye i Vg1 kan kan få ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune.

Informasjon om Elev-PC Bestillingsportal for Elev-PC



IT-konsulenten på skolen kan også svare på spørsmål om Elev-PC.

 

Elevar på idrettsbanen

Tilrettelagt kroppsøving

Treng du tilrettelagt undervisning i kroppsøving?

Du kan no laste ned eit skjema og ta det med til legen, som kan finne alternative øvingar til deg. Slik kan du delta i undervisningen sjølv om du til dømes har ei skade, og ikkje misser karaktergrunnlaget i dette faget.

Les heile saka og finn skjema på nettsida på vlfk.no

Røde Kors-stand om leksehjelp. Foto.

Leksehjelp

Det er leksehjelp/støtte i matematikk med lærer onsdag kl. 14:35 – 15:20 og torsdag kl. 13.45 – 14:30. Her får du hjelp med å forberede til prøver, oppgåver og innleveringer.  

Røde Kors

Røde Kors har leksehjelp i kantina kl. 15:30 - 18:00 kvar onsdag. På grunn av smittevern har dei avgrensa tal med plasser. Lenke til påmelding blir lagt ut på It’s learning kvar uke. Har kan du også seie kva du trenger hjelp til.

Alle som møter opp registrere inn med namn og mobilnummer. Det er viktig at du respekterer dei reglene Røde Kors har satt opp. Sjuke personar skal ikkje møte opp!

Treng du hjelp eller berre ønskjer ein stille stad å gjere lekser saman med andre, er Røde Kors leksehjelp staden for deg. Tilbodet er gratis og du får moglegheit for betre karakterar.

Røde Kors Leksehjelp
Buss på Oasen terminal. Foto.

Skolebuss

Fyllingsdalen videregående skole ligg like ved Oasen terminal. Les meir om skoleskyss, ungdomskort og finn ut kva buss som passar for deg ved å følgje lenka under.

Skolebuss
Logoen til Lånekassen. Illustrasjon.

Har du søkt utstyrsstipend på lånekassen?

Søk innan 15. november dersom du vil ha støtte frå Lånekassen for haustsemesteret 2019.

Dette er noko alle har rett på. Elevar som har fått skoleplass og har takka ja til den, kan søkje om støtte.

Dersom du treng hjelp til å søke, kan du spørje ein av rådgjevarane.

Stipend frå Lånekassen

Meir informasjon på nettsida

Resepsjonen i 2. etasje hjelper deg med skolebevis og skoleskyss. Opningstider finn du på:

Om skolen

Rådgjevarar, skolehelseteneste, bibliotek, IT-konsulent og elevkoordinator finn du på:

Elevteneste

Kantina og andre miljøtilbod finn du på:

Miljø og trivsel

Skolen sitt reglement finn du på:

Reglar og fråvær

Eksamen og karakterar

All relevant info om eksamen blir lagt ut fortløpande på FYV-INFO/EKSAMENSMAPPEN på It's Learning.