Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Miljø og trivsel

Her finn du blant anna informasjon om VIP-programmet, kantina, skolefrukost og idrettsanlegget vårt.
Elevar rundt bord, foto

Kantina

Kantina ligg like innanfor hovudinngangen i 1. etasje, og er open kvar dag klokka 09:00 til 13:00.

Her tilbyr Linda både varme og kalde rettar. 

Kantina
Frukt og pålegg, foto

Gratis skolefrukost

Det er gratis skulefrukost i kantina til alle elevar mellom 07.30-08.00 mandag til torsdag. Linda, kokken vår, har satt saman ein velbalansert frukost med havregraut, brødmat og frukt.

Få ein mjuk start på dagen med skolefrukost!

Slåball på Idrettsbanen. Foto.

Idrettsanlegg

Vi har kroppsøving i Fyllingsdalen idrettshall og på Fyllingsdalen idrettsbane.

Sandvolleyballbanen kan elevane bruke i friminutta.

Idrettsanlegg
Elever under Aktivitetsdagen 2017. Foto.

Elevaktivitetar

Elevrådet behandlar saker som angår elevane, og saker som skolen si leiing, lærarar og elevar ønskjer at elevrådet skal uttale seg om.

Russestyret er valt av russen ved skolen og tar opp saker som angår russen og russefeiringa. Russestyret og rektor lagar eigne avtalar for gjennomføringa av russetida.

Elevaktivitetar
Logoen til Nullmobbing. Illustrasjon.

Nullmobbing

På det nye nettstaden www.nullmobbing.no finn elevar og foreldre informasjon og råd om mobbing og rettane sine.

Nettstaden er laga av Utdanningsdirektoratet. Sjå også Utdanningsdirektoratets informasjon til elevar og foreldre om skolemiljø.

 

 

 

VIP-programmet

Skolen vår skal i år delta i VIP-programmet (Rettleiing og Informasjon om Psykisk helse hos ungdom), og derfor ønskjer vi å informere alle føresette om VIP.

Sjå også VIP-programmet si nettside.

VIP-programmet

Elevkoordinator

Elevkoordinatoren er kontaktperson for elevrådet og russen, og har ansvar for elevaktivitetar og haldningsskapande arbeid på skolen.

Elevkoordinatoren har kontor i Elevsenteret i 1. etasje.

Elevkoordinator
Profilbilde av Heine Askeland

Heine Askeland

Send e-post

Elev- og lærlingombodet i Vestland

Sigrid Isdal og Venke Nordeide er elev- og lærlingombod i Vestland fylkeskommune og jobbar for at du som er elev eller lærling skal få rettferdig behandling. Det er Sigrid Isdal som har Fyllingsdalen vgs i sitt område.

Lurer du på noko som gjeld skulekvardagen din? Er du usikker på kva som er innanfor? Kva som er greitt og kva som er ugreitt når du er lærling? Får du opplæringa du har rett på? Opplever du at noko er urettferdig?
Dette og meir kan du snakke med Sigrid om. Ho passer på rettane dine og informerer deg om ansvaret ditt. Sigrid har teieplikt! 

Meir informasjon finn du på Vestland fylkeskommune si nettside. Du finn dei også på Snap (Elombud), Instagram (Ombod Vestland) og på Facebook (Elev- og lærlingombodet i Vestland).

Profilbilde av Sigrid Isdal

Sigrid Isdal

Send e-post 40403145