Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Streaming av undervisning

Informasjon om mulig streaming av undervisning

Grunna situasjonen med korona kan det vere ein del elevar som til ein kvar tid ikkje kan vere på skulen og delta i læringsarbeidet der.

Direktør for opplæring og kompetanse vil gjerne gi elevar heime eit tilbod slik at dei kan følgje studieprogresjonen til medelevar på skulen, gjennom bruk av læringsplattform, skytenester, digitale læremiddel og streaming. Ved bruk av streaming kan elevane heime i sanntid sjå og høyre når lærarar instruerar.

Det er imidlertid slik at det er ulike arbeidsmåtar i opplæringa, og elevar på skulen kan også i einskilte tilfeller bli streama ut til medelevar som er heime. I tilknyting til dette ønskjer direktøren, etter råd frå Datatilsynet og personvernombodet i Vestland fylkeskommune, å innhente løyve til å gjere dette frå anten elevane sjølve (gjeld alle over 15 år) eller føresette. Dette vil bli gjort i løpet av nærmaste framtid.