Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevar meg høgt læringspotensial

Hausten 2019 starta Hordaland fylkeskommune v/Opplæringsavdelinga opp arbeidet i eit prosjekt initiert av skulemyndigheitene i regionen Pilsen i Tsjekkia. Prosjektet har tittelen "Education of extraordinarily talented students and further education of pedagogical staff in the Pilsen and Hordaland Regions". Prosjektet er finansiert av EØS-midler, og tildelingen vil kunne bli på 66 000 euro.

Prosjektet har som mål å bidra til å auke kompetansen til skuleleiarar og pedagogisk tilsette i dei to regionane om undervisning og metodar tilpassa elevar med stort læringspotensial. Regionane Pilsen og Hordaland, skal dele erfaringar og lære av kvarandre gjennom studiebesøk, workshops og jobbskygging.

Korleis identifiserer vi elevar med eit høgt læringspotensial, og korleis møter vi dei, og korleis arbeider vi med dei i klasserommet. Prosjektet ønskjer å sjå på korleis ein kan hjelpe lærarane til å bli i stand til å støtte desse elevane. Opplæringslova § 1-3 seier at skulen har ei plikt til å tilpasse opplæringa til den einskilde eleven sine evner og føresetnader. Det betyr at også elevar som presterer på eit høgt fagleg nivå har krav på tilpassa opplæring. Prosjektet og måla er interessante for oss i Norge, og NOU’en "Mer å hente" (2016:14) peikar på at vi ikkje har hatt tradisjon for å fokusere på elevar med stort læringspotensial. Tradisjonen har snarare vore å forstå tilpassa opplæring som ein metode retta mot elevar som strevar fagleg og sosialt og som treng ekstra støtte i opplæringa.

Så spørsmåla var mange og motivasjonen var stor då åtte personar frå skuleadministrasjonen i Pilsen kom på besøk til Bergen i Hordaland, og vi skulle vere saman ei uke for å gå grundig inn i temaet og reflektere saman rundt ulike problemstillingar. Opplæringsavdelinga hadde utarbeidd eit variert og interessant program for både dei tsjekkiske og dei norske deltakarane.

Den tsjekkiske delegasjonen, foto
Den tsjekkiske delegasjonen

Fylkesdirektør for opplæring Bjørn Lyngedal ønskte gjestane velkomne til Hordaland, og programmet starta med ein gjennomgang av det norske utdanningssystemet og opplæringsløpet i Hordaland.

Professor Sølvi Lillejord ved Universitetet i Bergen som har skrive ei kunnskapsoppsummering om temaet Evnerike barn, la vekt på at tidleg identifisering av desse elevane er viktig, og at evnerike elevar har behov for særleg merksemd i klasserommet. Seniorrådgivar, tidlegare fylkesdirektør for opplæring, Svein Heggheim var opptatt av korleis lærarane skal møte behova til elevane med stort læringspotensial, i klasseromma. Ein har ikkje noko nasjonal tilnærming til dette temaet i Norge, men ein finn likevel mange strategiar og metodar. Læraren er særs viktig, og måten han/ho tilpassar opplæringa til den einskilde eleven, avgjer om eleven får den faglege utfordringa som er tilpassa sitt nivå.

"Lærere gjør enorm forskjell. En lærer kan forandre alt for en elev, hele livet kan forandres. Gjøre at vi plutselig får til ting, snu dårlige mønster til gode. Innsatsen til en enkelt lærer kan gjøre at vi trives på skolen. Lærerne er gull i livet vårt når de er gode."   Innspel frå "SkoleProffene"

Fyllingsdalen videregående skole er med på prosjektet, og vi fekk besøk hvor gjestane kunne høyre ungdomspolitikarar debattere i forkant av Skulevalet. Gjestane våre kunne sjølvsagt ikkje forstå kva som blei sagt, men dei fekk likevel oppleve intensiteten og engasjementet blant både elevane på Fyllingsdalen og ungdomspolitikarane.

Fra Universitetets aula, foto
Fra Universitetets aula

Vi var også til stades på Kavlisymposiet "Passion for Science" på UiB. Elevar frå mange skular i Hordaland fylkeskommune deltek på symposiet kvart år, og målet er at elevane skal kjenne glede og entusiasme for vitskapen. Elevane møtte dei tre vinnarane av Kavliprisen 2018 (astrofysikk, nano- og nevrovitskap). Elevane fekk også stille spørsmål til prisvinnarane.

Under besøket til VilVite Senteret blei vi introduserte til Talentsenteret. Talentsenteret er eit tilbod spesielt for elevar med høgt læringspotensial innan matematikk, naturfag og teknologi. PÅ VilVite Senteret måtte deltakarane konkurrere med kvarandre, men også samarbeide om å byggje kvar vår del av ein kjedereaksjon. Fekk vi den til å henge saman?

Fra VilVite, foto
Chain reaction

Besøket blei avslutta med ein workshop kor prosjektdeltakarane og representantar frå to vidaregåande skular i Hordaland diskuterte strategier og praksis for å møte behova til desse elevane.