Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Internasjonalisering

Skolen ønsker å kunne tilby elever og lærerar høve til å reise ut og lære og erfare. Vi ønsker også å lære av lærerar, elevar og skoler i andre land.

Skolen deltek på ulike prosjekt i regi av Erasmus og Nordplus. Vi er og med i utvekslingsprogrammet VUK (Vennskapsbyenes ungdomskonferanse)

Helse og Oppvekst har eit Nordplus-prosjekt knytet til helseteknologi og simulering. Elevar og lærarar har besøkt skular i Sverige, Finland og Danmark.

Rådgjevarane har saman med skular i Spania, Hellas, Portugal, Finland og Italia eit toårig prosjekt kalla School Walls. Tema har bla vore korleis organiseringa av klasserommet kan betre læringa. I 2018-2019 har rådgjevarane og to elevar besøkt Portugal og Italia og har også tatt imot besøk her i Bergen. I 2019-2020 skal vi utveksle besøk med Spania, Hellas og Finland.

Elevar og lærerar frå VG2 har vore med i utvekslingsprogrammet VUK. Her er temaet nordisk språklig og kulturelt fellesskap. I år var dei på besøk i Flensburg og Schleswig. Hausten 2019 skal skolen arrangere dette her i Bergen.

Vi venter i løpet av våren og tidlig haust svar på ulike Erasmus-søknader innanfor tema som mellom anna språklæring og kultur, fysisk aktivitet, sosial inkludering, virtual reality, og kreativitet.