Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Biblioteket

Biblioteket er ein møtestad, ein arbeidsplass, ein stad å finne informasjon og ein stad å låne bøker.
  • Biblioteket ligg i 1. etasje, i rom 115 ved sidan av kantina.
  • Biblioteket er ope kvar dag kl. 8.10 - 15.30
Elever i biblioteket. Foto.
Søk i katalogen

Du kan låne alt frå fagbøker til fantasy og manga. Sjå kva vi har i katalogen.

Mine lån

Logg deg inn for å sjekke kva du har lånt, og når du må levere.

E-lån Hordaland

Lån e-bøker gratis frå E-lån Hordaland.

Lånekort får du i biblioteket. Hugs å levere inn bøker du har lånt, elles må du betale erstatning.

Arbeidsplasser i biblioteket. Foto.

Rommet

På biblioteket er det leseplassar og bord til gruppearbeid.

Vi har fagbøker og oppslagsverk du kan bruke som kjelder, og du kan be bibliotekarane om hjelp.

Det er lov å vere på biblioteket utan å gjere skolearbeid! Du kan sitte og prate, spele spel eller surfe på nettet.

 

Elever med skolebøker. Foto.

Lærebøkene

På biblioteket får du utlevert lærebøkene dine, og kan låne ei ekstra dersom du har gløymt boka heime.

Vanleg lånetid for lærebøker er ut skoleåret. Ekstra lærebok kan du låne for kortare tid.

Lærebøkene skal du levere ved skoleslutt etter den planen biblioteket sett opp. Dersom du ikkje gjer dette må du erstatte dei.

Lånekontrakt for elevar i vgs

Bibliotekaren

Det er lov å be bibliotekaren om hjelp. Spør meg om:

  • Hjelp til oppgåver og gruppearbeid
  • Å finne gode kjelder i bøker og på nett
  • Sitat og kjeldelister
  • Tips til særemne
  • Lesetips
  • Bøker du vil vi skal kjøpe
Bibliotekar
Profilbilde av Bernt Lage Breivoll

Bernt Lage Breivoll

Send e-post

Kjeldebruk og kjeldekritikk

Når du skriv ei oppgåve er det viktig å finne gode kjelder. Men kan du stole på det du finn? Det er viktig å utøve kjeldekritikk for å finne eigna og kvalitetssikra informasjon.

Du kan ikkje berre klippe og lime frå andre sitt arbeid. Korleis kan du bruke andre sine tekstar utan å plagiere? Det kan du lære om på sida vår om kjeldebruk og kjeldekritikk.

Tips om bøker

Bibliotekarane i vidaregåande skole i Hordaland samarbeider om bloggen "Lesehorden". Elevar og lærarar kan også skrive innlegg.

Biblioteket abonnerer på "BS Søketjenester". Her kan du blant anna søke etter bøker om eit tema eller bøker som er filma. Du kan gå inn i tenesta frå It's Learning eller få passord av oss.