Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Båttur til Valhall - ein dramapedagogisk oppleving med 3. klasse

Elevar i vikingkostyme med fjord i bakgrunnen
3MD som Norrøne gudar og valkyrjar.

…me var på båttur, for all del. Men, det var ikkje båtturen eg ville fortelje om då eg kom heim. Nei, det var OPPLEGGET til tredjeklasse, til dramaklassen, som overvelda meg. Og då meiner eg ikkje vikingspelet dei hadde laga. Nei, det var ei framvising av korleis dramafaget kan brukast når barn og unge skal lære…

3. klasse inviterte til båttur. Båttur og båttur, fru Blom, tenkte eg. Etterpå. 

Jau, me var på båttur, for all del. På ein flott båt og. Midthordland. Men, det var ikkje båtturen eg ville fortelje om då eg kom heim. Det var ikkje den gamle fjordbussen og sjøsprøyten som gjorde inntrykk. Nei, det var OPPLEGGET! Opplegget til tredjeklasse, til dramaklassen, som overvelda meg.

Elavar i kostyme med MS "Midthordland" i bakgrunnen
Deltakarane ble satt i rollen som tapre krigarar på veg til Valhall. MS "Midthordland" i bakgrunnen.

Og då meiner eg ikkje vikingspelet dei hadde laga. Heilt sjølv. Eller kostyma som såg ut til å være lånt frå eit profesjonelt filmsett. For ikkje å snakka om skodespelarprestasjonane. Nei, det var ikkje det som blenda meg. Dei var gode dei, altså. Svært gode, faktisk. Frå me møtte på kaien, tok tredjeklassingane oss med på ferda til Valhall, og haldt oss i forteljinga om vikingane, heilt til elevane prova seg verdige og kunne sette føtene på fast land att. Eg lot meg rive med, eg, og ein augneblink kjende eg at eg antakeleg har vore viking i eit tidlegare liv. Så for all del, det var flotte skodespelarprestasjonar å sjå. Veldig flotte.

Men altså, det var ikkje båtturen, kostyma eller skodespelet, som gjorde meg opprømd. Nei, det var som sagt OPPLEGGET. Opplegget til tredjeklasse var ei rein oppvisning i pedagogisk ekspertise. Det var ei framvising av korleis dramafaget kan brukast når barn og unge skal lære. Dette var tredjeklassingar som synleggjorde kordan kunst og kultur kan være strålande læringsveier.

Elavar i kostyme med ruinar i bakgrunnen
Teater og drama skapte ein felles fiksjon.

Jaja, læringsveier, det er eit sånt skuleord. Eg veit. Eit sånt ord som er henta frå læreplanane. Men det er jo det som er så imponerande. Heile dagen, heile turen, var ei læringsøkt der dei eldste elevane tok i bruk det dei hadde lært, og viste at dei var i ferd med å nå måla for opplæringa. Dei viste dramapedagogisk forståelse. Dei demonstrerte fortellerkunst. Og dei let oss sjå at kva dei hadde lært i dramapedagogisk praksis.

Ja, tredje klasse inviterer til båttur. Men det dei ikkje sa, var at dei inviterte til oppvisning i fagleg kompetanse. For eit OPPLEGG. For ei oppvisning. Det vil eg fortelje om. Og skryte av.

Eg gler meg til neste år, kjære andreklassingar. Då er det dykkar tur til å invitere. Til «båttur»!

Alle deltakarane dansar
Alle mann til Valhall!

 

 

Avdelingsleiar Drama, Helse og oppveksfag og Elevtenesten
Profilbilde av Siren Kathrin Gjerde

Siren Kathrin Gjerde

Send e-post