Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Til Tenerife og Lapula med Erasmus School Walls

Elevar foran vann og bygningar, foto
Elevar frå mange land på Tenerife

Erasmus School Walls er et prosjekt skolen har saman med skoler i mellom anna Spania, Finland og Hellas. Her har elevar ved skolen fått anledning til å besøke skoler i andre land. Dei er nettopp tilbake frå Lapula i Finland, og tidlegare i vinter var dei på Tenerife.

School Walls er et prosjekt rådgjevarane våre held på med, støtta av Erasmus. Det handlar om korleis organiseringa av klasserommet kan betre læringa. Derfor drar dei på studietur til samarbeidskolene våre i utlandet, for å sjå kva dei gjer der. Det er viktig å få inntrykk av elevane også, og derfor har to elevar fått være med på kvar tur. I fjor gjekk turen til Italia og Portugal, og om litt skal turen gå til Hellas.

Elevar og rådgjevarar på fjelltopp, foto
Høgt til fjells med elevar og rådgjevarar på Tenerife.


Skolen ønsker å kunne tilby elever og lærerar høve til å reise ut og lære og erfare. Vi ønsker også å lære av lærerar, elevar og skoler i andre land. Derfor prøver vi kvart år å finne nye prosjekter som er aktuelle for oss, og sender inn søknader om å få delta.

Rådgjevarar og elavar foran hoppbakke, foto
Rådgjevarar og elevar var på besøk i Lapula, Finland i februar 2020. Ein liten tur i hoppbakken vart det og tid til.


I løpet av våren 2020 kommer vi i gang med fleire andre Erasmus-prosjekt. Vi deltek og på prosjekt i regi av Nordplus, og er med i utvekslingsprogrammet VUK (Vennskapsbyenes ungdomskonferanse). Dette er alle prosjekt der noen av elevane våre får høve til å vere med på studieturar til utlandet.