Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studiespesialiserande med toppidrett fotball

Illustrasjonsbilde fotball

Frå hausten 2020 kan du gå studiespesialiserande over tre år med toppidrett fotball som programfag på Fyllingsdalen vgs.

Trening og undervisning

Du vil ha to til tre treningsøkter per veke leia av høgt kvalifiserte trenarar. Treningane og undervisninga i toppfotball svarer til fem skuletimar i veka.

Struktur

På VG1 vil toppidrett fotball vere eit programfag som blir teke i tillegg til det ordinære fag- og timetalet som vert krevd av alle elevar på VG1 studiespesialiserande. Treningsøktene vil bli lagt utanfor ordinær timeplan og kjem i tillegg til normal studiebyrde.

På VG2 og VG3 vil toppfotball vera eit av dei tre programfaga du må ha kvart skuleår, og faget vil vera ein del av den normale studiebyrden på 30 timer per veke.

Studiekompetanse

Ved endt skuleløp vil du som elev oppnå generell studiekompetanse med fordjuping i toppidrett-fotball. Det er også mogleg å velje realfag eller språk i tillegg slik at du får spesiell studiekompetanse.

Dersom du ikkje har hatt 2. framandspråk på ungdomsskulen kan du ikkje ta toppidrett fotball VG3 og samstundes oppnå generell eller spesiell studiekompetanse. Vi tilrår at du kontaktar skulen for å høyra kva moglegheit du har til å oppnå studiekompetanse.

Søknad og opptak

Studiespesialisering med toppidrett fotball