Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Mulki vant Ta Ordet!

Mulki Mire Guled og Hilde Breisnes
Her er ein glad vinnar saman med stolt og rørt norsklærar Hilde Breisnes

Vi gratulerer Mulki Mire Guled frå 3PBA med seier i Ta ordet!-finalen. Mulkis vant med talen «Nei til omskjæring», om omskjering av jenter og brot på menneskerettigheter.

Den store finalen i Ta Ordet! ble heldt i Universitetsaulaen i Bergen fredag den 8. november. Heile 3PBA med norsklærar Hilde Breisnes, rektor, elevar og lærarar frå Fyllingsdalen til stade for å støtte Mulki.

Mulki holdt ein sterk og modig tale som tok opp kjønnslemlesting og korleis vi alle må bry oss om temaet, tørre å snakke om det og krevje at det tek slutt. Det var ein viktig og tydeleg appell om å få slutt på all omskjering av jenter. Heile talen kan lesast på https://www.bt.no/btmeninger/debatt/i/rAO7mR/Dagen-jeg-ble-halal

Ein einstemt jury var ikkje i tvil. Mulki var vinnaren. Da hadde Mulki først vunne konkurransen på Fyllingsdalen vgs den 20. september. Vinnartalane frå femti skolar frå hele landet ble sendt inn til ein jury, og Mulkis var ein av dei seks som kom heilt frem. Det var andre år på rad Fyllingsdalen hadde ein elev i finalen. Siste år deltok Mary Gonzalez i finalen.

Premien var på 10.000 kr frå Sparebanken Vest.

Heile finalen blei strømma på https://www.youtube.com/watch?v=ckqEiB7aIkk