Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studiespesialisering

Ønsker du å studere ved universitet eller høgskule? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Fyllingsdalen videregående skole tilbyr:

Vg1 er felles for alle som har valt studiespesialisering.

På Vg2 og Vg3 tilbyr vi programområda Realfag og Språk, samfunnsfag og økonomi.

Du som ikkje har gått på Fyllingsdalen tidlegare, men er ny elev hos oss i Vg2 eller Vg3 til hausten: ta kontakt med Monica.Haugland-Bergh@hfk.no og fortell oss kva programfag du vil ha. 

Søk skoleplass

Kvifor velje studiespesialisering?

Dersom du likar å jobbe med teoretiske fag og vil ta høgare utdanning kan du velje studiespesialisering. Studiespesialisering opnar moglegheitene for deg, og gir deg ein forsmak på faga du kan velje på høgare nivå. Samtidig får du brei kunnskap du vil ha glede av og bruk for heile livet.

Dersom du veit kva utdanning du vil ta seinare bør du undersøke om du må ha spesielle fag for å kvalifisere deg til studiet.

På vilbli.no kan du lese meir om faga du kan velje mellom.

Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2 Timetal Vg3
Norsk 4 4 6
Kroppsøving 2 2 2
Framandspråk 4 4 0
Engelsk 5 0 0
Matematikk 5 3 0
Naturfag 5 0 0
Samfunnsfag 3 0 0
Geografi 2 0 0
Historie 0 2 4
Religion og etikk 0 0 3
Programfag 0 15 15
Sum timetal per uke 30 30 30

Første året

Elever i klasserom. Foto.

Studiespesialisering

 

På Vg1 studiespesialisering må du velje eitt framandspråk i tillegg til engelsk. Vi tilbyr:

  • Tysk 2
  • Fransk 2
  • Spansk 2
  • Spansk 1
  • Spansk 1+2

Det språket du vel på Vg1 må du også ha på Vg2.

Andre året

Elever i klasserom. Foto.

På Vg2 vel du mellom programområda Realfag eller Språk og samfunnsfag. Du må velje fordjuping innan to fag på ditt eige programområde. Det tredje fordjupingsfaget kan du velje frå det andre programområdet.

Vi plar å tilby desse programfaga:

Realfag:

  • Biologi 1
  • Fysikk 1
  • Kjemi 1
  • Matematikk 1

Språk, samfunnsfag og økonomi:

  • Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1
  • Internasjonal engelsk
  • Medie- og informasjonskunnskap 1
  • Psykologi 1
  • Rettslære 1
  • Sosiologi og sosialantropologi

Du skal ha same framandspråk som du hadde i Vg1.

Tredje året

Undervisning i klasserom. Foto.

På Vg3 held du fram med dei to programfaga du fordjupa deg i på Vg2. I tillegg vel du eit tredje programfag.

Vi plar å tilby disse programfaga:

Realfag:

  • Biologi 1
  • Fysikk 1 eller 2
  • Kjemi 1 eller 2
  • Matematikk S2 eller R2

Språk, samfunnsfag og økonomi:

  • Breiddeidrett
  • Entreprenørskap og bedriftsutvikling 2
  • Medie- og informasjonskunnskap 2
  • Politikk og menneskerettigheter
  •  Psykologi 2
  • Rettslære 1
  • Samfunnsfaglig engelsk
  • Sosialkunnskap

vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søkje opptak til høgare utdanning i Norge. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du også informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studia.

Har du ikkje bestemt deg? Då kan du få gode tips på utdanning.no.

Samordna opptak utdanning.no

spør oss om tilbodet

Ass. Rektor, Avdelingsleiar for Kroppsøving, Realfag og Språk
Profilbilde av Monica Haugland-Bergh

Monica Haugland-Bergh

Send e-post 96948612

Nettundervisning for elevar i Hordaland

Elevar på studiespesialiserande kan melde seg på nettundervisning i enkelte språkfag vi ikkje tilbyr på Fyllingsdalen vgs.

Nettundervisning