Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Musikk, dans og drama

Driv du med musikk, dans eller drama på fritida? Er du samstundes interessert i teoretiske fag? Då kan du slå saman interesse med skule og oppnå generell studiekompetanse.

Fyllingsdalen videregående skole tilbyr:

  • Musikk, dans og drama på Vg1.
  • Fordjuping i drama på Vg2 og Vg3.

Vi er åleine om å tilby fordjuping i drama i Hordaland.

Søk skoleplass

Kvifor velje Musikk, dans og drama?

Det kan vere så enkelt som at du likar å spele skodespel. Men fordjuping i drama er også eit spanande og utfordrande tilbod, kor du både skal bruke dine kreative, skapande evner, og må sette deg inn i teoretiske fag. Det blir lagt vekt på di personlege utvikling.

Du vil lære om praktisk teaterarbeid, om teateret i historia og i dagens samfunn, men også om drama som pedagogisk metode. Fordjuping i drama gir deg ein kompetanse innan teater og media, pedagogikk og administrativt kulturarbeid. Samtidig får du generell studiekompetanse.

Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2 Timetal Vg3
Engelsk 5 0 0
Norsk 4 4 6
Naturfag 5 0 0
Matematikk 5 3 0
Framandspråk 4 4 0
Geografi 0 2 0
Samfunnsfag 0 3 0
Historie 0 2 4
Religion og etikk 0 0 3
Felles programfag 12 17 17
Valfrie programfag 0 0 5
Sum timetal per veke 35 35 35

Første året

Elevar i førestilling. Foto.
VG1 i Jubileumsførestellinga 2015

Musikk, dans og drama

 

Hovudvekta i Vg1 ligg på fag som gir deg generell studiekompetanse.

Samtidig får du ei generell innføring i Musikk, dans og drama i dei felles programfaga:

  • Musikk, dans og drama
  • Bevegelse
  • Teaterensemble

Andre året

Elevar i førestelling. Foto.
VG2 i Jubileumsførestellinga 2015

Drama

 

Frå og med Vg2 tilbyr vi fordjuping i drama.

Felles programfag i Vg2 er:

Teater og bevegelse
Teater i perspektiv
Teaterproduksjon
Teaterproduksjon fordjuping

Frå Vg2 vil faga til generell studiekompetanse utgjere ein mindre del av skoldagen.

Tredje året

Elevar i førestelling. Foto.
VG3 i Jubileumsførestellinga 2015

Drama

Felles programfag i Vg3er:

  • Teater og bevegelse
  • Teater i perspektiv
  • Teaterproduksjon
  • Drama og samfunn

Valfrie programfag er:

  • Teaterproduksjon fordjuping

vegen vidare

Skodespelarforbundet har ein oversikt over skodespelarutdanning på høgskulenivå. Mange folkehøgskular tilbyr også scene og drama.  

Med studiekompetanse kan du søkje opptak til høgare utdanning i Norge. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du også informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane.

 Har du ikkje bestemt deg for kva du vil studere? Då kan du få gode tips på utdanning.no.

Skuespillerforbundet Folkehøgskolene Samordna opptak utdanning.no

spør oss om tilbodet

Avdelingsleiar Drama, Norsk og Samfunnsfag
Profilbilde av Rolf Eriksen

Rolf Eriksen

Send e-post