Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel. Det er òg mogleg å ta påbygg til generell studiekompetanse.

Fyllingsdalen videregående skole tilbyr: 

  • Vg1 Helse- og oppvekstfag
  • Vg1 Helse- og oppvekstfag for minoritetsspråklege
  • Vg2 Helsearbeidarfag

Vi har to flotte praksisrom med moderne utstyr der du får praktisk undervisning som ei førebuing til yrkeslivet.

Vi har spennande praksisperiode haust og vår, både på Vg1 og Vg2.

Søk skoleplass

For deg som vil jobbe med menneske!

Du som søkjer helse- og oppvekstfag bør vere interessert i og ha respekt for andre menneske i ulike aldrar og livssituasjonar.

Du vil lære om korleis kroppen er bygd opp og fungerer, korleis du best kan kommunisere og samarbeide med andre som yrkesutøvar og du får prøvd deg i ulike yrker i praksis.

Etter fullført utdanning vil du ha verdifull kunnskap og praktiske ferdigheiter som det er stor bruk for i samfunnet.

Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2
Norsk 2 2
Kroppsøving 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Helsefremjande arbeid 7 7
Kommunikasjon og samhandling 5 5
Yrkesutøving 5 5
Prosjekt til fordjupning 6 9
Sum timetal per veke 35 35

Første året

Reagensrør. Foto.

Vg1 Helse- og oppvekstfag

Vi har per i dag to klassar på Vg1 med cirka 15 elevar i kvar klasse. Faga du vil få er:

  • Helsefremjande arbeid: Du vil lære om samanhengen mellom livsstil og helse, om ernæring, hygiene, trening og trivnad. Om kroppen sin oppbygnad og funksjon, og om korleis ein kan førebyggje sjukdom.
  • Kommunikasjon og samhandling: Du lærer deg gode strategiar for samhandling og trenar på god kommunikasjon med menneske i alle livssituasjonar.
  • Yrkesutøving: Du lærer korleis helse- og oppvekstsektoren er organisert, om lovgjeving og om det å vere ein profesjonell yrkesutøvar.
  • Prosjekt til fordjuping: Dette er eit fag med praktisk undervisning på skulen og i institusjonar som sjukeheim, bufellesskap, barnehagar og skular/SFO. Her får du moglegheit til å fordjupe deg i fag og tema du er interessert i.

Vg1 Helse- og oppvekstfag for minoritetsspråklege

Dette er eit tilbod for deg som treng ekstra tilrettelagd norskopplæring i tillegg til opplæring i yrkesfaga. Etter fullført og bestått Helse- og oppvekstfag for minoritetsspråklege, kan du søkje om inntak til vanlege Helse- og oppvekstfag for Vg2. Vi har to klassar for minoritetsspråklege.

Andre året

Øvelse i kommunikasjon med pasient. Foto.

Vg2 Helsearbeidarfag

Utdanningsprogrammet fører fram til yrker kor eigne haldningar, kunnskap om helsefremjande arbeid, livsstilssjukdommar, arbeidsmiljø og kulturskilnader er viktig, og kor det blir stilt krav til heilskapleg tenking og tverrfagleg samarbeid.

Helsefagarbeidaren arbeider med praktisk pleie-, omsorg- og miljøarbeid i ulike institusjonar som sjukeheim, dagsenter, bufellesskap, heimebaserte tenester m.m. Helsefagarbeidaren skal kunne observere og bruke kunnskap om ulike sjukdommar, skader og liding, til å setje i verk førebyggjande eller behandlande tiltak.

For å få plass på Vg2 Helsearbeidarfag blir det kravd fullført og bestått Vg1 Helse- og oppvekstfag eller Vg1 Helse- og oppvekstfag for minoritetsspråklege.

vegen vidare

Når du har tatt Vg2 Helsearbeidarfag, kan du søkje 2-årig lærlingplass i ei godkjend bedrift. Då får du løn av bedrifta, og etter endt læretid kan du gå opp til fagprøve og få fagbrev som helsefagarbeidar.

Du kan også ta Vg3 Påbygg og få generell studiekompetanse. Det må du ha for å kome inn på universitet eller høgskule.

Søk læreplass eller skoleplass Bli lærling

spør oss om tilbodet

Avdelingsleiar Helse- og oppvekstfag og Tilrettelagt
Profilbilde av Siren Kathrin Gjerde

Siren Kathrin Gjerde

Send e-post