Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Reglar og fråvær

Her finn du ulike reglement som gjeld for Fyllingsdalen videregående skole.

Frammøte og fråvær

Ved planlagt fråvær må du søke til rektor. Søknad om permisjon frå skolen skal vere skriftleg og grunngitt, og skal bli levert i god tid.

Skjermbilde av forsiden til SkoleArena.no

SkoleArena for føresette

Skolen bruker SkoleArena til å registrere elevane sitt fråvær og vurderingar i fag. Dersom du er føresett til elevar under 18 år kan du få tilgang til SkoleArena.

For å få tilgang må du registrere deg på https://www.skolearena.no. Denne videoen viser korleis du registrerer deg:

SkoleArena registrering

Når du har registrert deg får du tilsendt passord på e-post.

Ta kontakt med Kontaktlærar om du treng rettleiing eller har mista passord/brukarnamn.

Som føresett kan du også bruke SkoleArena til å legge inn fråværsmelding på vegne av eleven. Denne videoen viser korleis du legg inn fråværsmelding:

SkoleArena fråvær

5 punkter for å skape eit godt arbeids- og læringsmiljø

1. VI MØTER PRESIS - Vi møter presis til timane, til avtaler med lærarar, rådgjevarar, helsesøster osb. og leverer skolearbeid til avtalt tid

2. VI HELD ORDEN - Vi held orden og ryddar etter oss i klasserom, korridor, kantine eller på skolen sitt område. Ha orden i skolesakene dine og følg skolen sitt ordensreglement

3. VI ER FORBEREDT - Vi gjer skolearbeidet og leksene og held oss orientert om planar og aktivitetar

4. VI GIR KVARANDRE ARBEIDSRO - Vi følgjer læraren sine instruksar i skoletimane og lagar ikkje støy og bråk i timane og i skolebygget

5. VI VISER RESPEKT FOR KVARANDRE - Vi opptrer høfleg og med respekt overfor medelevar og tilsette

Skolebygget. Foto.

Parkeringsforbod

Det er forbode å parkere på plassen bak Nye Teatersal og langs vegen ned mot denne frå avkjørsla til skoleplassen. Dette er markert med kjetting eller sperreband.

Bryt du forbodet, må du rekne med at bilen vil bli taua bort for eigar si rekning.

Elevar skal bruke sykkelskuret til parkering av syklar og mopedar. IKKJE parker under taket.

Tobakksfri skole

Skolen er lovbestemt tobakksfri. Det vil sei at du ikkje kan bruke snus og røyk i skoletida, heller ikkje utanfor skolen sitt område. Forbodet mot røyk og snus gjeld i friminutt og på skoleturar, og sjølvsagt i skoletimar. Lova er lik for alle, også lærarar og andre tilsette. 

PC og AV-utstyr

Alle berbare PC skal vere lukka når skoletimen begynner. Prosjektor og lydutstyr skal berre bli brukt til undervisning og når lærar er tilstade i klasserommet.